Klage på standpunktkarakter i grunnskulen

Det kan klagast på standpunktkarakterar i grunnskulen og på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.01.2015

Alle elevar har rett til å klaga på standpunktkarakterar og vedtak om ikkje å setja karakter. Dersom eleven er under 15 år, kan dei ikkje klaga utan skriftleg samtykke frå foreldra eller dei føresette. Klagen må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller av ein med fullmakt. 

Dei som har klagerett skal få opplysningar om høvet til å klaga, klagefristen og om kva klagen skal innehalda. Det kan innanfor klagefristen og krevjast grunngiving for karakterar i fag der det blir fastsett standpunktkarakterar eller for standpunktkarakter i orden og i åtferd. Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.
 
 
Fristen for å klaga er 10 dagar. Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller når den som har klagerett, burde ha gjort seg kjend med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for vedtaket. Ny frist gjeld frå det tidspunkt klagaren har fått grunngivinga.
 
Klagen skal sendast til den skulen der klagaren er elev, og Fylkesmannen er klageinstans. Når skulen sender klagen til Fylkesmannen, skal klagaren ha kopi av saksdokumenta.
 
Fylkesmannen har ulikt mandat i høve til klage på standpunktkarakterar i fag og standpunktkarakterar i orden og åtferd. Ved klage på standpunktkarakter i fag eller vedtak om ikkje å setja standpunktkarakter kan klageinstansen berre vurdere om reglane i opplæringslova om karakterfastsetjing er følgde. Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg. Dersom Fylkesmannen er i tvil om reglane er følgde, blir saka sendt tilbake til skolen, og rektor og faglæraren gjennomfører ny vurdering. Rektor set endeleg karakter, og denne avgjerda kan det ikkje klagast på. I klager på standpunktkarakter i orden og åtferd avgjer Fylkesmannen om klagen skal føra til at karakteren blir endra.
 
Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet, skal det skrivast eit nytt, og tidlegare vitnemål skal leverast tilbake.
 
Fylkesmannen har, i samarbeid med dei andre fylkesmannsembeta på Sør-Vestlandet, utarbeidd ei rettleiing til hjelp for grunnskolane i behandling av klager på standpunktkarakterar. Det er og utarbeidd eit skjema som skulen skal nytta ved oversending av klager på standpunktkarakterar i fag og i orden og åtferd frå skulen til Fylkesmannen.