Faktatal frå GSI (Grunnskolens Informasjonssystem)

Her finn du dei viktigaste tala frå grunnskulen i Aust – Agder for inneverande skuleår.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.12.2015

Det er i alt 14 491 elever i grunnskulen i Aust – Agder skuleåret 2015/16. Det er 48 fleire elevar enn skuleåret 2014/15. Inneverande år går 642 elevar i friskular. På teljetidspunktet, som var 1. oktober 2015, var 51 av elevane i grunnskulen i fylket asylsøkjarar. Det er 70 grunnskular i Aust - Agder. Av desse er 6 friskular.

Lærarar og undervisningkompetanse

Talet på årsverk til undervisningspersonalet er i år 1324. Dette talet er omtrent ikkje endra frå i fjor. Årsverka er fordelt på 1568 lærarar. Om lag to tredelar av desse er kvinner.

I år er kompetansen til lærarar som underviser i faga norsk, engelsk, matematikk, samisk og teiknspråk kartlagt i GSI. Denne kartlegginga viser at det særleg er behov for undervisningskompetanse i engelsk på barnetrinnet i Aust - Agder. På ungdomstrinnet er det særleg behov for kompetanse fordelt på norsk og matematikk.

Målform

Av dei 14 491 elevane har 716 elevar nynorsk som hovudmål. Dette utgjer om lag 4,9 prosent av elevane. Talet har gått noko ned sett i høve til førre skuleåret. Går vi 10 år tilbake i tid, hadde om lag 6,8 prosent av elevane i fylket vårt nynorsk som hovudmål.

Særskilt språkopplæring

Elevar i grunnskulen som har eit anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskilt norskopplæring fram til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Det er 616 elevar i Aust – Agder som får slik opplæring. Dette er en nedgang frå i fjor då talet var 631. Av desse får 91 elevar i tillegg morsmålopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring, og dei tre største språkgruppene er polsk (31), arabisk (24) og somalisk (18).

Spesialundervisning

Utdanningsdirektoratet viser på sine heimesider til at talet på elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning har auka i mange år. Dei siste tre åra ser det derimot ut til det har vore ein liten nedgang i talet på enkeltvedtak om spesialundervisning nasjonalt. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskulen er no 7,9 prosent på landsbasis.

Dei siste åra har talet på delen elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning gått noko ned, men talet har auka igjen dette skuleåret. Andel elevar med vedtak om spesialundervisning dette skuleåret er 9,2 prosent. Andel elevar med vedtak om spesialundervisning er høgare på ungdomstrinnet enn på barnetrinnet. 66 prosent av elevane med enkeltvedtak om spesialundervisning er gutar. Dette er på nivå med landet totalt sett.

Leksehjelp

Kommunen og friskular skal tilby minimum åtte timar leksehjelp kvar veke til elevar i grunnskulen. Kommunen og friskulene kan sjølv velje kva trinn dei vil gi leksehjelp på. Til og med skuleåret 2013-2014 var kommunen pålagt å gi tilbodet til elevar på 1.-4. trinn. Dette året deltok 1881 elevar i ordninga. Inneverande år er talet 2127 fordelt frå 1. til 10. trinn. Hovudtyngda av elevane som deltek i ordninga er på 5.-7. trinn.

Valfag og framandspråk

Det mest populære valfaget på ungdomstrinnet er fysisk aktivitet og helse både blant gutar og jenter. Andre populære valfag er natur, miljø og friluftsliv, design og redesign og sal og scene.

Når elevane skal velje framandspråk på ungdomsskulen er det det framleis flest elevar som vel tysk. Spansk er det nest mest populære framandspråket i fylket, deretter fransk.

SFO

I Aust – Agder går 3246 elevar frå 1.- 4. trinn på SFO. Av desse har 1466 full plass. Elevane på 1. trinn er dei som i størst grad nyttar seg av SFO-tilbodet. På dette trinnet er det 72 prosent av elevane som går på SFO. Til samanlikning er det 27 prosent av elevane på 4. trinn som brukar SFO.

Vaksne

Skuleåret 2015/16 er det 285 vaksne som får ordinær grunnskoleopplæring i Aust - Agder. 283 av desse er frå språklege minoriteter. Det er 69 fleire vaksne som får ordinær grunnskuleopplæring i år enn førre skuleår.

Kulturskule

Det er 1810 elevar ved kulturskulane i Aust – Agder. Av desse er 1627 elevar i grunnskulealder. I tillegg er det totalt 349 som står på venteliste. Det er stor skilnad på skulepengesatsen for kulturskulane i fylket. Kostnaden varierer frå 1400 til 3700 kroner for eit skuleår.