Regionale miljøtilskot - Søknadsomgangen er opna

Søknadsomgangen for regionale miljøtilskot er opna. Med ny programperiode, nye og litt endra ordningar, er dette litt spennande, men det går nok bra!!

Publisert 19.09.2023

Søknadsfrist

Søknadsfristen er sundag 15. oktober, dvs det er ikkje noko utsetting på grunn av helgedag. Nytt av året er at søknader som er leverte innan 15. oktober kan endrast fram til 29. oktober, utan at dette blir rekna som ny søknad. Gløymer ein å levere søknad innan 15. oktober kan ein levere fram til 29. oktober, men då med 1000 kr dagen i trekk for at søknaden var for seint levert.

Når kan kommunen starte saksbehandlinga

Vi rår til at kommunen ikkje starter saksbehandlinga, eller kontrollerer søknader, før endringsfristen 29. oktober. Dersom kommunen har tatt søknaden til behandling, får ikkje søkjaren til å endre søknaden. Skal slike søknader endrast må det gjerast skriftleg til kommunen, og kommunen må legge inn endringa.

Ikkje alle tiltak blir importert frå fjoråret

På grunn av endringar i ordningar og nye ordninga blir ikkje alle ordningar importert til årets søknad. Dette er sjølvsagt dumt, men slik er det.

Ordningar som ikkje blir importerte

  • Beiting av kystlynghei
  • Spreiing av all husdyrgjødsel om våren/i vekstsesong
  • Nedlegging av husdyrgjødsel
  • Nedfelling av husdyrgjødsel
  • Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange
  • Fangvekstar som underkultur
  • Fangvekstar sådd etter hausting (tidligkulturer)
  • Soner for pollinerande insekt
  • Direktesådd haustkorn og haustoljevekster
  • Bruk av eigenprodusert kompost
  • Spreiing av biokol

Uklart i veilederen

Dei som leser veilederen godt vil finna at den ikkje er keilt konsekvent på om det er mulig å kombinere ordningane «Ingen jordarbeiding om hausten» og «direktesåing av haustkorn / såing etter lett haustharving». MEN desse kan ikkje kombinerast. Søknadsprogrammet stopper og denne kombinasjonen, dvs gir feilmelding.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner