Produsentnummeret ut av landbruksregisterert - vidareføring

Frå oktober 2023 vil Landbrukets Dataflyt overta ansvaret for produsentnummeret frå Landbruksdirektoratet. Produsentnummeret blir da fasa ut frå Landbruksregisteret.

Publisert 23.05.2023

Oppbygging av produsentnummeret i dag

I produsentnummeret i dag ligg det ein del logikk – dei fire første siffera i nummeret gir kommune, og dei fire neste gir gardidnummeret, som identifiserer ein landbrukseigedom i ein kommune. I tillegg inneheld produsentnummeret eit løpenummer og eit kontrollsiffer (dei to siste siffera). Til saman inneheld produsentnummeret ti siffer.

Korleis ser nye produsentnummer ut?

Når Landbrukets Dataflyt overtar, vil formatet på produsentnummeret fortsett bli det same, altså ti siffer, men det vil ikkje lenger vere noko logikk innebygd i nummeret – det vil i prinsippet bli eit løpenummer der kommunenr og gardidnr ikkje lenger kan lesast ut. Eksisterande produsentnummer vil bli som dei er, men nye som blir generert vil ikkje gi informasjon om kommune og gardidnr. Ein stor fordel med dette er at kommunesamanslåingar, kommunegrenseendringar og -samanslåing samt splitting av fylker ikkje vil føre til endringar i produsentnummeret.

Korleis blir produsentnummeret danna etter overgangen?

Produsentnummeret blir danna når eit føretak blir knytt til ein landbrukseigedom i Landbruksregisteret, dvs. får driftssenter. Dette vil også framover vere ein føresetnad for at nytt produsentnummer skal genererast. Som i dag skal produsenten ta kontakt med landbrukskontoret for å få gjort dette. Det som blir nytt, er at produsenten må ta kontakt med Landbrukets Dataflyt for å få produsentnummer etter at kopla mellom føretak og landbrukseigedom er etablert.

Landbruksdirektoratet vil kome tilbake med nærmare informasjon om nøyaktig dato for overgangen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.