Her er vårt nye ungdomspanel

Statsforvaltar Bent Høie gler seg til å samarbeide med det nye ungdomspanelet og få innspel frå ungdom frå heile Rogaland. – Dei utfordrar oss, kjem med nye perspektiv og gjer oss betre, seier Høie. Bak ungdomane sit tilsette hos Statsforvaltaren frå fleire fagavdelingar.

Ungdom frå heile Rogaland skal gi råd og innspel i saker som handlar om barn og unge. Her kan du sjå kven dei nye deltakarane er.

Publisert 28.05.2026

Statsforvaltaren har i fleire år samla ungdom frå heile fylket for å få gode råd og innspel til arbeidet og prioriteringane som blir gjorde hos Statsforvaltaren.

No er eit nytt ungdomspanel på plass, med deltakarar frå heile fylket. Panelet skal gi innspel og råd i saker som handlar om barn og unge – og bidra med ungdomsperspektiv inn i arbeidet vårt.

– Ungdom sitter med erfaringer og perspektiver som vi voksne ikke alltid ser. Når vi lytter til dem, tar vi bedre beslutninger og får et bredere grunnlag for arbeidet vårt, seier statsforvaltar Bent Høie.

Ungdomspanelet består av ungdomar frå ulike delar av Rogaland, med ulik bakgrunn og ulike erfaringar. På det første møtet i mai diskuterte panelet fleire aktuelle problemstillingar frå ulike fagavdelingar hos Statsforvaltaren. Tema var mellom anna skulefråvær, psykisk helse, rusførebygging, beredskap, miljø og økologisk matproduksjon. Nye tema og problemstillingar skal løftast fram på komande møte.

Innspela frå ungdomane skal brukast vidare i arbeidet vårt opp mot kommunar, fylkeskommunen og andre samarbeidspartnarar.

– Skal vi lykkes med å utvikle gode tjenester og gode samfunn, må vi involvere dem det gjelder. Ungdomspanelet gir oss verdifull innsikt i hva som er viktig for barn og unge i Rogaland, seier Høie.

Han er imponert over engasjementet til deltakarane.

– Det er imponerende å se hvor stort engasjement og hvor mye kunnskap ungdommene i panelet har. De stiller gode spørsmål, utfordrer oss – og kommer med innspill som gjør oss bedre.

Desse er med i ungdomspanelet

Namn Kommune Region
Sullivan Madsen Stavanger Nord-Jæren
Ida Nevøy-Meling Stavanger Nord-Jæren
Rutendo Murungani Stavanger Nord-Jæren
Martin Steinmo Eia Sandnes Nord-Jæren
Stian Baiye Chuefor Sandnes Nord-Jæren
Astrid Stigen Lind-Hanssen Sola Nord-Jæren
Thor Bloch Breiland Time Sør-Jæren
Erlend Eide Time Sør-Jæren
Fleur Amélie de Quartele Time Sør-Jæren
Matilda Støldal Vestvik Klepp Sør-Jæren
William Olaussen Eigersund Dalane
Mari Randen Aamodt Sokndal Dalane
Edvin Ro Særensen Eigersund Dalane
Lilly Vesterli Brekke Karmøy Haugalandet
Lovise Skrunes Vindafjord Haugalandet

 

– Jeg er glad for at så mange ungdommer ønsker å bidra. Det viser at unge bryr seg om samfunnet rundt seg og ønsker å påvirke utviklingen, seier Høie.

Marit Bergeland hos Statsforvaltaren lyttar og noterer medan Rutendo Murungani og Erlend Eide kjem med innspel og refleksjonar under det første møtet i ungdomspanelet.

 

Lovise Skrunes fra Vindafjord til venstre og Lilly Vesterli Brekke fra Karmøy til høyre, sammen med statsforvalter Bent Høie.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.