Bustadsosialt arbeid hjå Statsforvaltaren

Kommunaldepartementet har avgjort at forsøket med å leggja bustadsosialt arbeid til statsforvaltarane, skal avsluttast frå 1. september, og at arbeidsoppgåver og tilsette skal førast tilbake til Husbanken. 

Publisert 15.03.2024

Hovudgrunnen til avgjerda er ei ny og større satsing på Husbanken framover, frå regjeringa. Departementet strekar under at forsøket har vore vellukka, men at dei likevel har valt å gå i ei anna retning for å styrka heile Husbanken og det bustadsosiale feltet framover.

Me er leie oss for dette, ettersom me meiner me har kome eit godt stykke på veg i å utvikla samhandlinga med ulike fagområde. No er det viktig å ta vare på denne samhandlinga sjølv om nokre av arbeidsoppgåvene går tilbake til Husbanken. Me skal gjera vårt for at embetet og Husbanken skal arbeida tett og godt saman framover.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.