Bent Høie er på plass som ny statsforvaltar i Rogaland

Bent Høie er statsforvaltar i Rogaland
Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

I dag er Bent Høie på plass og overtar som statsforvaltar i Rogaland.

Publisert 01.11.2021

Bent Høie blei utnemnt til fylkesmann i Rogaland 26. oktober 2018 etter Magnhild Meltveit Kleppa. Nå er stillinga døypt om til statsforvaltar. Høie var innvalt på Stortinget og kunne han ikkje tiltre embetet før valperioden hans var over denne hausten. I mellomtida er det Lone M. Solheim som har vore konstituert statsforvaltar. 

50-åring med lang politisk erfaring

Bent Høie har vore helseminister frå 2013 til 2021 i Solberg-regjeringa. Han var stortingsrepresentant for Rogaland i perioden 2000–2021 og var mellom 2010 og 2020 andre nestleiar i Høgre.

Høie har særleg markert seg som helse- og sosialpolitikar. Før han blei statsråd i regjeringa, var han leiar for helse- og omsorgskomiteen på Stortinget mellom 2009 og 2013.

Som helseminister under koronapandemien har Høie vore ein av landets mest synlege og profilerte politikarar.

Starta i lokalpolitikken i heimfylket

Høie starta si politiske karriere i heimfylket Rogaland. Han var innvalt i fylkestinget frå 1991 til 2003. Han leia Rogaland Unge Høyre frå 1990 til 1992. Han var kommunestyremedlem i heimkommunen Randaberg i 1991–1995 og seinare bystyremedlem i Stavanger i 1999–2003.

Skal leia eit embete med 190 tilsette

Som statsforvaltar i Rogaland leiar Bent Høie eit embete med rundt 190 tilsette. Lone M. Solheim er assisterande statsforvaltar. Statsforvaltaren i Rogaland har i dag fem fagavdelingar – i tillegg administrativ stab og beredskapsstab:

  • Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
  • Landbruksavdelinga
  • Miljøvernavdelinga
  • Samfunnsavdelinga
  • Utdanningsavdelinga

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner