Yfoss AS søkjer om løyve etter forureiningslova for etablering av datasenter
- Høyringsfrist:
- 6. mars 2026 23:59
Statsforvaltaren i Rogaland har fått søknad om løyve etter forureiningslova frå Yfoss AS. Det blir søkt om løyve til utslepp til luft, støy og kjølevatn knytt til drift av datasenter i Sauda kommune.
Verksemda er eit datasenter som blir etablert ved Storlivatn kraftverk. Datasenteret får ein installert effekt på inntil 10 MW og blir forsynt med ordinær kraft frå eksisterande straumnett. For å sikre drift blir det installert dieseldrivne naudstraumsgeneratorar med samla effekt på 10 MW. Det blir søkt om utslepp av eksos og støy frå naudstraumsgeneratorane som blir brukte ved straumbrot og vedlikehaldskøyring, samt utslepp av kjølevatn.
Du kan kome med merknader til søknaden innan 6. mars 2026. Merknader kan sendast til: sfropost@statsforvalteren.no, eller Statsforvaltaren i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger.
Merk saka med referanse: 2026/1510. Alle uttaler blir arkiverte i vår postjournal.
- Høyringsfrist:
- 6. mars 2026 23:59
Kontaktpersonar
-
Jan Meling
Tlf: 51 56 87 26
Dokument
- Offentleg høyring – Industri – Sauda – Yfoss AS – Søknad om løyve etter forureiningslova for etablering av datasenter
- Søknad - industri - Sauda - Yfoss AS - Handalandsvegen 140 - utslippstillatelse datasenter
- KORR AndreRedegjoerelser 0 Report 31 2 Terakraft Noise prediction Sauda 2025
- Lake Cooling Agreement Signed
- LTE16V4200
- Situasjonskart 1 2000 A3 09.01.2026
- Spredningsberegninger nødstrømsaggregater Sauda
- Storlivatnet KU-rapport Naturmangfold NRAS 24.10.2025