Oppstart av prosess med nye verneområde i Rogaland

Høringsfrist:
1. september 2021
Mot Syre i Karmøy
Mot Syre i Karmøy Foto: Norsk Fly og Flyfoto / Statsforvaltaren i Rogaland.

Etter oppdrag frå Miljødirektoratet kunngjer Statsforvaltaren nå oppstart av vern etter naturmangfaldlova for områda Årabrot naturreservat i Haugesund, Vestkysten landskapsvernområde på Karmøy (Åkrasanden – Syre), Avaldsnes biotopvern på Karmøy og Mosvatnet og Klostervågen i Stavanger.

Publisert 24.06.2021

Oppstart av vern har bakgrunn i St. meld. 14 (2015-2016) Natur for livet, og har som mål å dekke opp manglar ved eksisterande vern av landskap, naturtypar og leveområde for truga artar.

Statsforvaltaren har hatt innleiande orienteringsmøte om aktuelt vern med dei tre kommunane.

Vedlagte bilder syner aktuelle verneområde for undersøking og såleis ikkje avklarte vernegrenser.

No startar den formelle prosessen med grundigare avklaring av verneverdiar og verneføremål og eventuelle konfliktar med vern. På det grunnlaget vil det avgjerdast om det skal utarbeidast framlegg til vernegrenser og verneføreskrifter, med påfølgande lokal- og sentral høyring av framlegg til vern.

Ein slik prosess vil følge naturmangfaldlova §§ 41-43, mellom anna med tidleg informasjon til aktuelle grunneigarar, organisasjonar og offentlege instansar. Dette vil bli fulgt opp med møter og synfaringar for alle som måtte ønske det.

Oppstartsmelding vil bli kunngjort i lokal presse. Frist for uttale til oppstartsmelding er sett til 01.09.2021.