Mange blei inspirerte

Tysdag 27. mai arrangerte Fylkesmannen inspirasjonssamling for kommunane i fylket om Sjumilssteget –for god oppvekst i Rogaland. 24 kommunar deltok på konferansen. Eit av føremåla med konferansen var å få til eit felles løft for å setje barn og unge sine oppvekstvilkår på den politiske dagsordenen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.06.2014

Deltakarene fekk ein flott start på dagen med song frå 150 elevar frå Aspervika skule.

Magnhild Meltveit Kleppa

 

 

 

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa opna konferansen og påpeikte betydinga av tidleg innsats og god oppvekst i kommunane.

 

I dei nasjonale føringane blir det lagt stor vekt på å tenkje heilskapleg og å samordne innsatsen for oppvekstmiljøet til barn og unge. Det var ein samansett forsamling som fekk høyre eit engasjerande innlegg frå Julia Köhler-Olsen (HiOA) om barnekonvensjonen i Sjumilssteget. Sjumilssteget handlar om tidleg innsats, samordning av tenester, samarbeid på tvers av fagområde og barna sin rett til å bli høyrt. Det overordna prinsippet i dette arbeidet er ”barnets beste”. Det var gledeleg å sjå at fleire kommunar var representert med ungdomsråd og barn og unge sitt bystyre.  

Julia Köhler-Olsen

 

Eivind Pedersen

  

  

Eivind Pedersen frå Fylkesmannen i Troms, blei av konferansier Tor Øyvind Skeiseid døypt til «omreisande predikant, guru og Sjumilssteget sin far».

  

 

Grethe Nissen er tilsett som prosjektleiar i Hammerfest kommune der kommuneanalysen er  gjennomført. Ho presenterte deira erfaringar frå prosessen dei hadde hatt i kommunen og gav oss eksempel på korleis analysen kan gjennomførast og brukast i den einskilde kommune.

Grethe Nissen

 

Victor Norman

                       

Victor Norman er samfunnsøkonom, skribent og politikar. Norman har sidan 1975 vore forskar og professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole i Bergen.  Føredraget om verdien av ein god barndom skapte begeistring hos publikum.

 

 

Lumberjacks frå Forsand kulturskole spelte låta «Apache» rett etter lunsj med skikkeleg trøkk!          

Lumberjacks

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.