UTSETT: Nettverkssamling – samfunnstryggleik og beredskap 2020

Dato:
27. mai 2020 12.00 - 28. mai 2020 12.00
Sted:
Utstein Kloster Hotell, Stavanger kommune
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. I tillegg andre regionale etatar som har beredskapssamarbeid med kommunane.

UTSETT: Arrangementet er utsett inntil vidare på grunn av situasjonen med koronaviruset.

Publisert 07.02.2020

Velkommen til den årlege nettverkssamlinga i samfunnstryggleik og beredskap! Samlinga finn i år stad på Utstein Kloster Hotell i Stavanger kommune. Som alltid får du eit interessant og variert program – og eit triveleg sosialt arrangement på kvelden.

Deltaking

Det er sjølvsagt mogleg å melda seg på delar av programmet, men me håper at dei fleste deltar på heile konferansen. For å bli gode i lag er det viktig å kjenna kvarandre. 

Me jobbar med programmet, og dette blir lagt ut her når det er ferdig. Dette er nokre av temaa med ser føre oss på 2020-samlinga:

  • Brannen i garasjeanleggetet på Stavanger lufthavn.
  • Radioaktiv kjelde oppdaga i Eigersund. Kva skjedde og kva lærte me?
  • CIM: 15 minutt med praktisk bruk av CIM. Kopling mellom krisestab og kommunikasjon.
  • Informasjonssikkerheit. Er kommunane rusta til å stå imot alvorlege hendingar?

Påmeldingsfrist: 6. mai 2020 kl. 15.00

Seminaravgift

  • Alternativ 1: Full pakke: kr. 3 000. Inkludert: konferanse, lunsj begge dagar, overnatting med frukost, middag 27. mai på hotellet.
  • Alternativ 2: Dagpakke to dagar: kr. 1 700. Inkludert: konferanse og lunsj begge dagane.
  • Alternativ 3: Dagpakke éin dag: kr. 850. Inkludert: konferanse og lunsj ein av dagane. NB: Hugs å skriva kva dag du kjem.
  • Middag 27. mai: kr. 450 (tillegg til alternativ 2 og 3)

Fylkesmannen sender faktura etter konferansen.

  • Avbestilling før 6. mai: ingen faktura.
  • Avbestilling mellom 6. mai og 15. mai: Det blir fakturert for 50 prosent av seminaravgifta.
  • Avbestilling etter 15.mai: Det blir fakturert for full seminaravgift.

Dersom nokon har allergiar: Gi beskjed slik at me kan finna alternativ.

Dato:
27. mai 2020 12.00 - 28. mai 2020 12.00
Sted:
Utstein Kloster Hotell, Stavanger kommune
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. I tillegg andre regionale etatar som har beredskapssamarbeid med kommunane.