UTSETT: Innovasjonskonferansen 2020

Dato:
23. april 2020 09.00 - 15.30
Sted:
Sola kulturhus
Arrangør:
Kommunane, KS, UiS, Fylkesmannen
Målgruppe:
politikarar, kommunale leiarar og rådgivarar som arbeider med innovasjon og digitalisering, andre med interesse for utvikling og effektivisering av offentleg sektor gjennom innovasjon

På grunn av utviklinga av koronasjukdomen dei siste dagane, har arrangørane bestemt å utsetja innovasjonskonferansen. Vi vil forsøka å få gjennomført arrangementet hausten 2020.

Publisert 13.01.2020

Innovasjonskonferansen i Rogaland er ein møteplass for kommunane for å fremme innovasjon og nyskaping. Program og opplegg for konferansen i år, er eit samarbeid mellom kommunane Sola, Time, Stavanger, Karmøy og Sandnes, saman med KS, Universitetet i Stavanger og Fylkesmannen i Rogaland.

Victor Norman, professor emeritus NHH, undrast om kommunane verkeleg er rigga for fremtida. Norman leiar utvalet som i år greiar ut konsekvensane av demografiutfordringar i distrikta.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet presenterer arbeidet med den nye stortingsmeldinga om innovasjon.

Vinnaren av Innovasjonsprisen 2019, Trondheim kommune, fortel korfor nettopp dei vant prisen.

Vi deler gode innovasjonseksempel frå fleire kommunar og det blir workshop der vi blant anna set fokus på korleis vi kan invitere nye stemmer inn i innovasjonsprosessar.

 

Meir informasjon kjem etter kvart på:

www.innovasjonskonferansenirogaland.no

www.facebook.com/innovasjonskonferansen/

 

Du kan melde deg på her: https://ks.qondor.com/ParticipantWeb/Registration/48310

Dato:
23. april 2020 09.00 - 15.30
Sted:
Sola kulturhus
Arrangør:
Kommunane, KS, UiS, Fylkesmannen
Målgruppe:
politikarar, kommunale leiarar og rådgivarar som arbeider med innovasjon og digitalisering, andre med interesse for utvikling og effektivisering av offentleg sektor gjennom innovasjon