Informasjonsmøte med folkevalde Ryfylke

Dato:
3. mars 2020 10.00 - 16.00
Sted:
Folkets hus, Sauda
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde i Ryfylke (Strand, Hjelmeland, Sauda, Suldal)

Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å invitera til tverrfaglege regionale informasjonsmøte våren 2020 for å leggja til rette for tidleg dialog og eit godt samarbeid med kommunane.

Publisert 03.10.2019

Fylkesmannen er kontroll- og tilsynsmynde på fleire område som kommunane forvaltar. Vi skal i den samanheng sørgja for rettstryggleiken til den einskilde innbyggjar, verksemd og organisasjon ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som m.a. likebehandling, likeverd, sjølvstende og habilitet vert sikra i forvaltninga.  

Viktige oppgåver for Fylkesmannen er å gje kommunane råd og rettleiing. Fylkesmannen skal også vera eit bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar. Som eit ledd i dette er det viktig å ivareta kontakten med kommunane i det daglege, både på overordna- og på sakshandsamarnivå.  

Føremålet med våre regionale samlingar er å gje både nye og meir erfarne folkevalde relevant informasjon om Fylkesmannen si saksbehandling på fagområde kommunane har ansvar for. Tilsette i administrasjonen er også velkomne til å møta.  

Praktisk informasjon: 

Det blir servert lunsj. Bruk skjema for påmelding under. Hugs å gi beskjed om allergiar e.l.

Pris for deltaking er kr 550,-. Påmelding er bindane. 

Frist for påmelding er 15.02.2020

Dato:
3. mars 2020 10.00 - 16.00
Sted:
Folkets hus, Sauda
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Folkevalde i Ryfylke (Strand, Hjelmeland, Sauda, Suldal)

Dokumenter