Halvdagsseminar for klimanettverka om klimabudsjett

Dato:
4. februar 2020 11.00 - 15.00
Sted:
Statens Hus, Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Arrangør:
Klimanettverket Jæren og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette med interesse for klimaplanarbeid og klimabudsjett i klimanettverka på Jæren og Haugalandet, fylkeskommunen og kommunane elles

Klimanettverket Jæren i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland inviterer medlemskommunane, Klimanettverket på Haugalandet og interesserte frå dei andre kommunane til halvdagsseminar. Temaet er klimabudsjett.

Publisert 17.12.2019

Klimanettverket Jæren utfordrar med å spørje: Kva er eigentleg eit klimabudsjett? Er det sånn som andre budsjett? Korleis er samanhengen med kommunale klimamål?

Me ser for oss å få konkretisert dette  betre ved presentasjon av eksempel og diskusjon. Me vil også freiste å finne ut korleis dette blir kopla mot det ordinære budsjettarbeidet. Samlinga kostar ikkje noko for dei deltakande kommunane.

Samlinga blir halden i Statens Hus, 1. etasje – møterom 1. Det er bordplass til drygt 40 personar, men me gjer rom for fleire sitjeplasser om naudsynt.

Oppstart blir kl. 11:00, men det blir kaffi og sånn frå kl. 10:40. Lunsj klokka 12:00.

Silje Arnøy frå Klimaseksjonen i Bergen kommune,  Miljøvernsjef Jane Nilsen Aalhus frå Stavanger kommune og Miljøvernrådgjevar Pauline Johanne Kajl  frå Nesodden kommune vil snakke om sine erfaringar med temaet. Programmet er ikkje endeleg bestemt, men det vil truleg innehalda:

  • Nasjonale forventningar og status for klima- og energiplanar i Rogaland
  • Kva er klimabudsjett og korleis lage dei.
  • Effekten av avtalen mellom regjeringa og landbruksorganisasjonane
  • Arbeidet i Stavanger – bakgrunn, forventningar og status
  • Nesodden kommune – Bakgrunn, forventningar, status
  • Bergen kommune: Korleis arbeider vi med det - erfaringar – konfliktpunkt, kva krev det av organisasjonen?
  • Korleis lukkast med og utan kommunale verkemiddel - Ordskifte.
  • Slutt om lag 15:00

Fylkesmannen i Rogaland og Statens hus finn du her.

Kystbussen stoggar i Byterminalen og lokaltoget stoggar i Paradis og i Byterminalen. Begge 7 min gåavstand.

Frå Fiskepiren er det ca. 15 min å gå.

Flybussen stoggar utanfor Statens Hus to gonger i timen.

Bysyklar kan parkerast foran hovudinngangen.

Sanntidskartet viser på sekundet kva bussar som er kor i høve til Statens Hus og fylket elles.

Parkering i 1. eller 2. underetasje. Parkeringa stenger automatisk kl. 18:00.

Påmelding:

Dato:
4. februar 2020 11.00 - 15.00
Sted:
Statens Hus, Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger
Arrangør:
Klimanettverket Jæren og Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette med interesse for klimaplanarbeid og klimabudsjett i klimanettverka på Jæren og Haugalandet, fylkeskommunen og kommunane elles

Kontaktpersonar

Peter Willmann, Klepp kommune, tlf. 959 78 126

Kristian Falnes Solberg, tlf. 51 56 89 28