Basiskurs i økonomisk rådgjeving- korleis avdekkje og førebyggje økonomiske problem

Dato:
16. januar 2020 10.00 - 15.30
Sted:
Clarion Hotel Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette på NAV-kontora og tilsette i tenester som barnevern, rus og psykiatritenesten, bustadkontor, nytilsette hjå namsfogden m.fl

Økonomisk rådgeving er ein lovpålagt individuell rett etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i NAV-kontoret. Tilsette i NAV-kontora, og tilsette i tenester som samhandlar med Nav, bør difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta.

Publisert 26.11.2019

Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. For å ha nytte av dette kurset treng det dermed ikkje i hovudsak dreie seg om at brukar kjem i kontakt med deg for økonomisk råd og rettleiing.

Målet med dette kurset er at ein skal få kunnskap til å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver.

Vidare skal deltakarane etter endt kurs også kunne hjelpe brukar med enkel råd og rettleiing, samt å kunne vidareformidle til riktig instans for det som treng det.

Kva skal du sitje igjen med etter endt kurs?

  • Å kunne førebyggje økonomiske problem
  • Å ha tilstrekkeleg kunnskap for å kunne avdekkje økonomiske uro eller problem.
  • Auka innsikt om kva økonomiske problem kan medføre.
  • Å ha tilstrekkeleg kunnskap om kvar ein kan få økonomisk rådgiving.
  • Kunne hjelpe til dersom du får spørsmål om Namsmannen og utleggstrekk.

Kurset er gratis, med bindande påmelding. Ikkje meld forfall blir belasta med kr 600,-. Eventuelle reisekostnader må dekkjast av deltakar.

Vi tar atterhald om retten til å kunne gjere prioriteringar eller be kontoret gjere prioriteringar dersom det er stor interesse for kurset.

Påmeldingsfrist 20 desember 2019.

Dato:
16. januar 2020 10.00 - 15.30
Sted:
Clarion Hotel Energy
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette på NAV-kontora og tilsette i tenester som barnevern, rus og psykiatritenesten, bustadkontor, nytilsette hjå namsfogden m.fl

Kontaktpersoner

Dokumenter