Inspirasjonsdag - Mat for eldre

Dato:
3. juni 2019 10.00 - 16.00
Sted:
Universitetet i Stavanger
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland

Programmet er fullt med gode, faglege innlegg, og det er stas at statsrådane Olaug Bollestad og Sylvi Listhaug har meldt at dei kjem. Eit meir aldersvenleg Noreg er noko som begge to er særs opptekne av.

 

Publisert 08.05.2019

Inspirasjonsdagen skal bidra til å styrke forståinga av kva god mat og måltidsglede har å seie for helse og trivsel hos eldre, og inspirere kommunetilsette til å sjå samanhengar mellom innkjøp av mat, kosthald og matglede.

Inspirasjonsdagen er gratis for alle. Dei som arbeider med matfag, eller har pleieoppgåver i institusjonar og i heimetenesta, blir oppfordra spesielt til å melde seg på.

Tid: Måndag 3. juni, kl. 10.00–16.00.
Stad: Universitetet i Stavanger, Arne Rettedals Hus AR-G001, Stavanger.
NB! Arrangementet er flytta til Arne Rettedals Hus grunna stor påmelding.


På heimesida til Landbruks- og matdepartementet kan du melde deg på inspirasjonsdagen. Påmeldingsfristen er 25. mai 2019

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet.

Stortingsmeldinga Leve hele livet har som mål å skape eit meir aldersvenleg Noreg. Kvalitetsreforma skal finne nye løysningar på utfordringar knytt til mat og måltid, aktivitet, helsehjelp og samanheng og overgangar i tenestene. Mat for eldre blir også inkludert i arbeidet med å utvikle Matnasjonen Norge.

Dato:
3. juni 2019 10.00 - 16.00
Sted:
Universitetet i Stavanger
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland