Oppstartmøte for verneplanprosess for skog på statsgrunn

Fylkesmannen inviterer berørte kommunar, Nordland fylkeskommune og Statskog SF til eit oppstartsmøte for verneplanprosess for skog på statsgrunn på Helgeland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.05.2020

Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å gjennomføre verneplanprosess for 18 områder i kommunane Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn. Før oppstart av prosessen held vi eit oppstartsmøte for berørte kommunar, Nordland fylkeskommune og Statskog SF.

Dagsorden for møtet vil vere:

-Gjennomgang av områda vi skal melde oppstart for

-Diskutere vidare prosess og deltaking

-Sammensetjing av referansegruppe

Med bakgrunn i dei rapportane som foreligg, samt eksisterande vernegrenser, har vi laga konkrete forslag til avgrensing for dei 18 områda. Avgrensingene er foreløpige, og det kan hende at vi gjer små endringar fram mot oppstart. Møteinnkalling til dette møtet kan lastast ned frå relaterte dokument. Dei foreløpige kartavgrensingane kan sjåast i dette kartet:

Kart - verneplanprosess for skog på statsgrunn

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.