Rydd Norge-programmet er opna

Den 22. september gjekk startskotet for Rydd Norge-programmet til Handelens Miljøfond. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn opna programmet i Hagnesbukta i Lofoten, og med dette er Rydd Nordland-prosjektet også offisielt i gang. Målet er å rydde 40 prosent av landets ytre kyst for marin forsøpling innan 2023. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.09.2020

Rydd Norge er eit prosjekt som skal profesjonalisere strandryddinga langs kysten, og sørge for rydding av 40 prosent av ytre kyst i Noreg innan 2023. Det er Handelens Miljøfond som har teke initiativ til - og som finansierer store deler - av prosjektet. Pengane er henta inn frå plastposeavgifta på 50 øre per selde plasberepose i Noreg.

Alle fylka i Noreg er med i prosjektet, også Nordland. I Nordland er det SALT som administrerer prosjektet, og Fylkesmannen sit i styringsgruppa. I styringsgruppa er også oppdrett, fiskeri, fylkeskommune, avfallsselskap og kommune representerte.

Områda som skal prioriterast for rydding i Nordland er no fastslått, og utlysninga for ryddejobben kjem ein av dei nærmaste dagane. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.