Gjennomført nettseminar for strandrydding og marin forsøpling

Strandsøppel utføre Steigen på Engeløya

Den 24. januar 2022 arrangerte Statsforvaltaren eit nettseminar om strandrydding og marin forsøpling i lag med Nordland fylkeskommune, med over 50 deltakarar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.01.2022

Vi hadde innlegg frå fleire myndigheiter, frivillige og profesjonelle ryddarar, sjømatnæringa, fiskerinæringa, avfallsnæringa og teknologiutviklarar.

Programmet for dagen var slik:

  • Velkomen og innleiing v/ fylkesmiljøvernsjefen - Oddlaug Ellen Knutsen
  • Ansvar, aktørar og verkemiddel - Torunn Slettemark Hovden, Statsforvaltaren
  • Nytt senter mot marin forsøpling, MARFO - Mads H. Busvold, Senter mot marin forsøpling
  • Frivillighetens år 2022 - Heidi Gromstad, Hold Norge Rent
  • Frivillig strandrydding i Vesterålen og Lødingen - Torunn Ulriksen, Reno-Vest IKS
  • Korleis rydde alt? - Juliane Therese G. Thorbjørnsen, In the same boat
  • Rydd Norge Nordland - Snorre Sklet, SALT
  • Frå havplast til produkt: Innovasjon og samarbeid - Klaus Espedal, Marine Recycling Cluster
  • Plastforureining frå land til vassdrag og kystvatn - Lars Ekker, Fylkeskommunen
  • Strandrydding i verneområder - Elisabeth Nesheim-Hauge, Statsforvaltaren
  • Kva gjer oppdrettsnæringa? - Brit Blomsø, Sjømat Norge
  • Kva gjer fiskerinæringa? - Mira Bolsøy Aasjord, Fiskarlaget

 

Statsforvaltaren har i oppdrag frå Miljødirektoratet å tilrettelegge for og bidra til at oppryddingsarbeidet i regionen er effektivt og godt samordna. Dette skal vi gjere i samarbeid med det nyoppretta Senter mot marin forsøpling. Vi planlegg å fortsette å arrangere årlege samlingar for aktørane i fylket som arbeider med strandrydding og marin forsøpling.

Samlinga vart dessverre ikkje fysisk denne gangen, men vi planlegg ei ny fysisk samling i Bodø i august. 

Ta kontakt med saksbehandlar Torunn Slettemark Hovden dersom du ønsker å motta presentasjonane frå seminaret. 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner