Høyring om forslag til utviding av Reppa og Ramnålia naturreservat
- Høringsfrist:
- 20. februar 2026
Forslag om utviding av Reppa (tidligere Reppen) og Ramnålia (tilrådd som Ravnålia) naturreservat sendast no på høyring. Du kan kome med innspel innan 20. februar 2026.
Områda som er foreslått verna ligg i Bindal og Rana kommunar, og arealet er på til saman 2469 daa. Nedanfor er ein tabell med oversikt over areal og produktiv skog i utvidinga av Reppa og Ramnålia naturreservat.
|
Område |
Kommune |
Totalt areal (daa) |
Areal produktiv skog (daa) |
|
Utviding av Ramnålia naturreservat |
Rana |
249 |
Ca. 249 |
|
Utviding av Reppa naturreservat |
Bindal |
2220 |
Ca. 308 |
Områda er tilbode for vern av grunneigarane sjølv gjennom ordninga frivilleg vern av skog. Vern skal bidra til at ingen artar eller naturtypar blir utrydda, og at eit representativt utval av norsk natur bevarast for komande generasjonar. Stortinget har sett eit mål om vern av 30 % av all natur og 10 % av skogarealet i Noreg.
Ei rekke trua naturtypar og halvparten av alle trua artar i Noreg finst i skog og skogsmiljø. Dei aller fleste av desse artane høyrer heime i den eldre urørte skogen, og fleire artar av insekt, sopp, lav og fugl er avhengig av gammal skog og død ved.
Verdiane i Ramnålia naturreservat er hovudsakeleg knytta til den gamle kalkgranskogen. Det er er registrert fleire raudlista artar som kjempebarkebille, gubbelskjegg og sukkernål, samt kalkkrevande artar som raudflangre, liljekonvall og taggbregne.
Når det gjeld Reppa er dette eit svært variert naturområde. Verdiane er hovudsakeleg knytta til nordlandsasal og alm som er sterkt trua, samt kalkgranskog og rik gransumpskog. Skogen er gjennomgåande gammal og det finst mykje død ved. Stadvis er det kalkrikt og ei bekkekløft skjer gjennom dalen og bidreg til eit fuktig miljø med fuktkrevande artar.
|
|
Høyringsdokument og nærmare informasjon om områda
Alle dokumenta til områda som no er på høyring finn du i høgremargen:
- Høyringsbrev som er eit oversendingsbrev med nyttig informasjon
- Høyringsdokumentet har utfyllande informasjon om områda, blant anna kva verneverdiar som finst, storleik og ein gjennomgang av innspel som kom etter oppstartsmeldinga vart sendt ut.
- Kart med framlegg til vernegrenser og verneforskrifter som viser kva reglar som blir foreslått for dei enkelte områda. Merk at for Ramnålia er det berre endringsforskrifta som er på høyring.
- Mottakarliste viser kven som skal ha fått høyringa tilsendt direkte. Du kan kome med innspel sjølv om du ikkje står på adresselista.
- Rapportar frå naturfaglege kartleggingar.
Slik kjem du med innspel
Alle som måtte ønske det, kan kome med innspel til verneforslaga. Statsforvalteren ber spesielt om synspunkt på:
- Namn på området
- Eventuelle konflikter med andre interesser. Vi ber om at konflikter skildrast konkret, og kva endringar som vil vere nødvendig for å løyse konflikta
- Avgrensing, f.eks. kva del av området det er knytt særleg konflikt til
- Forskrifter, f.eks. kva justeringar i forskrifta som vil vere nødvendig for å løyse konflikta
- Eventuelle feil i høyringsforslaget
Innspel til verneforslaga kan sendast skriftleg innen 20. februar 2026 på e-post til
eller i brev til
Statsforvalteren i Nordland
Postboks 1405
8002 Bodø
Husk å merke innspelet med saksnummer 2025/2846.
- Høringsfrist:
- 20. februar 2026
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Høringsdokument - Utvidelse av Reppa og Ramnålia naturreservater.pdf
- Høyringskart for Reppa.pdf
- Høyringskart for Ramnålia.pdf
- Høyringsforslag - Verneforskrift for Reppa naturreservat.pdf
- Høyringsforslag - Endringsforskrift for Ramnålia naturreservat.pdf
- Tilrådd verneforskrift for Ramnålia naturreservat.pdf
- Naturfaglige registreringer for Reppa.pdf
- Naturfaglige registreringer for Ramnålia.pdf
- Skjema for avveiing skogvern og skogbruk.pdf
- Innspel til oppstartsmelding - Reppa og Ramnåga.pdf