Restmidlar tilskot kommunalt rusarbeid
- Søknadsfrist:
- 15. september 2021
- Målgruppe:
- Menneske med rusmiddelrelaterte problem i kommunane
- Ansvarlig:
- Helse og sosialavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2022
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har framleis 4,8 millionar i tilskotsmidlar til fordeling til kommunalt rusarbeid. i tillegg er det lyst ut 76 millonatr nasjsonalt.
Mål for ordninga er auka kapasitet og varig kapasitetvekst i kommunen sitt tenestetilbod, slik at menneske med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.
Ordninga skal understøtte måla i Prop. 15S (2015-2016) Opptrappingsplan for rusfeltet (2016-2020) med vekt på styrka innsats ut frå lokale mål på områda:
- auka brukar-og pårørandemedverknad i tenestene
- tidleg innsats retta mot utsette individ og grupper
- tverrfagleg, ambulant, teambasert behandling og oppfølging
- tenester knytt til bustad
- tiltak retta mot inkludering i arbeid, aktivitet og utdanning
- lågterskeltilbod
Kommunar kan velje å inngå interkommunalt samarbeid med privat, frivillig og/eller ideel sektor, men kommunen skal vere både søkar og mottakar og har rapporteringsplikt for tilskotet.
Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i tenestene og er ikkje retta mot tidsavgrensa prosjekt. Det ligg i regelverket at eigenfinansieringa skal aukast i takt med at midlane vert avkorta.
Kommunen må sørge for ei gradvis innarbeiding av stillinga(ne) i kommunen si økonomiplan, slik at auka kapasitet i tenestene blir av varig karakter. Det ventas at kommunane nytter auka rammeoverføringar til å styrke tenestetilbodet til målgruppa.
Vi ber om at kommunar som har fleire søknadar til denne tilskotsordninga sender ein samla søknad og viser til ein felles kontaktperson.
I høgremenyen finn du lenke til fullstendig utlysningstekst og regelverk for ordninga på Helsedirektoratet sine heimesider. Nasjonalt er ordninga avslutta, som det kjem fram av direktoratet si nettside. Det er i Møre og Romsdal vi no har moglegheit til å lyse ut på nytt.
- Søknadsfrist:
- 15. september 2021
- Målgruppe:
- Menneske med rusmiddelrelaterte problem i kommunane
- Ansvarlig:
- Helse og sosialavdelinga
- Hvem kan søke:
- Kommunane i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2022