Endeleg vedtak i sakene om taktekking i Harevadet Hyttegrend

Statsforvaltaren har stadfesta Volda kommune sine vedtak i klagesakene frå Harevadet Hyttegrend. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.05.2021

Taktekking

Tidlegare Hornindal kommune gav i si tid løyve til oppføring av fritidsbustader på to ulike tomter i Harevadet hyttegrend. Etter at hyttene var tilnærma ferdig bygde, vart det frå Harevadet Hyttegrend AS reist spørsmål om taktekking med shingel var i samsvar med reguleringsplanen i området. Planføresegnene seier at taktekking skal vere av naturmateriale som skifer, torv eller tre. 

Statsforvaltarens sakshandsaming

Temaet for Statsforvaltaren var likevel ikkje spørsmålet om kva type taktekking som kunne tillatast. I denne saka vart spørsmålet om taktekkinga reist lenge etter at klagefristen for byggeløyva var gått ut, og eit sentralt spørsmål var difor om det var høve til å ta klagen til behandling. Vidare var det òg eit spørsmål om kva den aktuelle klagen eigentleg gjaldt, og kva rettigheiter andre vil ha i saker der det er tale om mangelfulle byggeløyve eller ulovlege tiltak.  

Statsforvaltaren vurderte dei ulike måtane ein kan sjå klagen på, og kva klagerettigheiter Harevadet Hyttegrend AS eventuelt ville hatt i desse sakene. Uavhengig av måten ein ser klagen på, vart konklusjonen at dei ikkje hadde nokon klagerett. Det var difor rett av kommunen å avvise klagen.