Stadfestar avslag på naust i Ytterlandsvika

Statsforvaltaren konkluderer med at kommunen sitt avslagsvedtak er gjort i samsvar med plan- og bygningslova.

Publisert 06.07.2023

Lengre sakshistorie

Ei gruppe grunneigarar og investorar har søkt om å byggje 6 naust, båtslipp og tilkomstveg i Ytterlandsvika i Giske kommune.  Kommunen har tidlegare gjeve byggeløyve både i 2020 og 2021. Desse vedtaka blei oppheva av Statsforvaltaren som følgje av feil ved sakshandsaminga i kommunen. Kommunen har no avslått søknaden, og tiltakshavarane har klaga på avslaget.

Tidlegare urørt strandsone

Nausta er allereie bygd. Før bygginga starta var det urørt svaberg i området.

- Høyringspartane har peika på at området er eit sårbart strandsonelandskap, kor ein skal vere varsam med å gjere store terrenginngrep. Både tilkomsten, båtslipp og sjølve nausta krev store inngrep i terrenget for å kunne byggast, seier rådgjevar Erlend Koch Jacobsen hjå Statsforvaltaren.

Dispensasjonssak

Det er søkt dispensasjon frå kravet om utarbeiding av reguleringsplan og frå reglane om avstand til nabogrense i plan- og bygningslova. Kommunen har avslått søknaden, og vist til at ein bør sjå heilskapen ved utbygginga gjennom ein planprosess.

- Gjennom planprosessen kan kommunen betre ta stilling til kva terrenginngrep området toler, kor tett utbygginga i området skal vere, og korleis urørt natur kan ivaretakast, seier Jacobsen.

- I tillegg har prosjektet innverknad på ein naboeigedom ved oppføring av ein større mur. Også innverknad på naboeigedomane bør avklarast gjennom ein reguleringsplan. Vi har kome til at vilkåra for å gje dispensasjon frå lova sine krav til byggeavstand mot naboeigedom ikkje er oppfylt.

Statsforvaltaren stadfesta difor Giske kommune sitt avslagsvedtak.