Regelverksendringar juli 2021

Den 1. juli 2021 blir endringar i plan- og bygningslova gjort gjeldande. Statsforvaltaren vil særleg presentere endringane i dispensasjonsføresegna. Du finn oversikt over alle endringane her.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.06.2021

Dispensasjonsføresegna

Vilkåra for å kunne gje dispensasjon etter plan- og bygningslova står i § 19-2 andre ledd. Terskelen er at omsyna bak føresegna det er søkt dispensasjon frå, eller omsyna bak lovas formålsføresegn, ikkje blir vesentleg tilsidesett. Fordelane må i tillegg vere klart større enn ulempene.

Etter 1. juli 2021 er det lagt til eit eige krav for å kunne gje dispensasjon at nasjonale eller regionale interesser ikkje blir vesentleg tilsidesett. Saker av nasjonale og regionale interesser kan til dømes gjelde strandsonen langs sjø og vassdrag, jordvern, og barn og unges interesser. 

Endringa må sjåast i samanheng med at den eksisterande § 19-2 fjerde ledd blir oppheva. Føresegna fastset at bygningsmyndigheitene skal legge særleg vekt på statlege og regionale rammer og mål i dispensasjonsvurderinga. Vidare hadde bygningsmyndigheitene ei oppmoding om ikkje å gje dispensasjon dersom statlege eller regionale mynde har uttalt seg negativt.

Føresegna er dermed endra frå at omsynet til statlege og regionale interesser skal leggast særleg vekt på, til eit sjølvstendig vilkår om at slike interesser ikkje kan bli vesentleg tilsidesett. Dersom dei statlege og regionale omsyna ikkje blir vesentleg tilsidesett, inngår omsyna i den samla dispensasjonsvurderinga saman med andre moment.

Vurderinga skal framleis vere rettsbruksskjønn, slik at domstolane og klageinstansen kan gjere ei full prøving av kommunens dispensasjonsvedtak. Lovendringa inneber ikkje endringar på vilkåret om at fordelane skal vere klart større enn ulempene. 

Nye bygg skal vere ladeklare

Statsforvaltaren vil også løfte fram at det frå 1. juli 2021 gjeld eit krav etter byggteknisk forskrift om tilrettelegging for ladepunkt for el-bil. Føresegna fastset at der det er stilt krav til parkering i eller i medhald av plan- og bygningslova, skal parkeringsplassen klargjerast med føringsveg og plass for elektrisk infrastruktur for ladeanlegg til el-bil. Føresegna fastset nokre unntak frå kravet.

For eksisterande bygg gjeld føresegna berre ved hovudombygging eller etablering av nye parkeringsplassar.  

Kontaktpersoner