Godkjenningsordninga etter § 29-4 tredje ledd

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i ein tolkingsuttale av 5.november 2021 svart på spørsmål om «frittliggende» er eit absolutt vilkår for å kunne godkjenne plasseringa av eit tiltak etter regelen i plan- og bygningsloven § 29-4 tredje ledd.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.11.2021

Godkjenningsordninga etter plan- og bygningsloven § 29-4 tredje ledd bokstav b

Byggverk skal som hovudregel plasserast minst 4 meter frå nabogrense, sjå § 29-4 andre ledd. Regelen i tredje ledd opnar likevel for at kommunen i nokre tilfelle kan godkjenne at tiltak blir plassert nærare nabogrensa, utan at ein må gå vegen om dispensasjon. Kommunen kan gi slik godkjenning dersom det enten er gitt samtykke frå eigar av naboeigedom, eller i tilfelle der det er tale om oppføring av «frittliggende garasje, uthus og lignende mindre tiltak».

Kva er omfatta av omgrepet "frittliggande"? 

Spørsmålet i denne saka var om ein søknadspliktig levegg som fell inn under «lignende mindre tiltak» også må vere frittliggande for at ein skal kunne bruke denne godkjenningsordninga. Departementet viser i sin uttale til at regelen i § 29-4 tredje ledd bokstav b tidlegare har blitt tolka slik at det er tiltaket som må vere frittliggande, og at dette er eit absolutt krav.

I teknisk forskrift (TEK17) § 6-5 er det no tatt inn ein definisjon av omgrepet «frittliggende bygning». Departementet viser til at denne definisjonen er avgrensa til frittliggande «bygning», og at det ikkje lenger er eit absolutt krav at «lignende mindre tiltak» også må vere frittliggande for å kunne godkjenne plasseringa etter § 29-4 tredje ledd b).

Du kan lese heile uttalen frå departementet her.