Fylkesmannen stadfestar Gjemnes kommune sitt vedtak om reguleringsplan

Gjemnes kommune godkjende i april 2019 reguleringsplan for ny sjukeheim og eventuelt andre offentlige formål i Gjemnes. Vedtaket vart påklaga av Miljøvernorganisasjonen Grønn Fremtid.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.10.2019

I klagen vart det teke opp spørsmål knytt til sikker byggegrunn, da kartlegging viste at området ligg innanfor sone med potensiell fare for kvikkleireskred og flaum. Vidare vart tilhøvet til støy teke opp i klagen, da planområdet grensar til E39.

Dei problemstillingane som klagen tok opp var blant dei spørsmåla som hadde vorte vurdert undervegs i planprosessen. I høve til sikker byggegrunn hadde det blitt gjort nærare undersøkingar og vurderingar, og det vart stilt krav i planføresegnene knytt til framtidige byggetiltak. Det hadde undervegs i planprosessen òg vore motsegner på dette punktet frå sektormynde, men desse motsegnene vart trekt på bakgrunn av nye utgreiingar og krav i føresegnene.

Når det gjaldt støy var det gjennomført ei støykartlegging, og det vart i planføresegnene fastsett at grenseverdiar i gjeldande retningsline for støy skal gjelde ved bygging innanfor støysone.

Ved vurderinga av klagesaka kom Fylkesmannen til at dei spørsmåla som var teke opp i klagen var tilstrekkeleg ivareteke i reguleringsplanen. Fylkesmannen hadde ingen vesentlege merknader til saksbehandlinga eller kommunen si arealbruksvurdering i saka. Klagen vart dermed ikkje tatt til følgje.

Vis mer