Byggesaksnettverk mai 2022

Statsforvaltaren deltok i mai 2022 på nettverkssamlingane for byggesak Sunnmøre og byggesak Nordmøre og Romsdal. 

Publisert 25.05.2022

Tysdag 10. mai møtte byggesaksnettverket for Nordmøre og Romsdal i Molde, medan byggesaksnettverket for Sunnmøre møtte i Sykkylven den 20. mai.

På samlinga for Nordmøre og Romsdal bidrog Statsforvaltaren med innlegg om handtering av støy i byggesaker, og om bruksendring og oppdeling av nye bueiningar. På samlinga for Sunnmøre var temaet LNF-omgrepet i plan- og bygningslova. 

Det var svært kjekt å møtast igjen fysisk for første gong sidan koronapandemien.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.