- Landjorda er brukt opp, no må vi snu oss mot havet

Dag O. Hessen, professor og biolog, er ein av dei som vil bidra under sjøplankonferansen "Kampen om Sjøareala" 26. og 27. oktober i Molde.
Dag O. Hessen, professor og biolog, er ein av dei som vil bidra under sjøplankonferansen "Kampen om Sjøareala" 26. og 27. oktober i Molde. Foto: uio.no.

Det er ikkje meir landjord igjen til auka produksjon av matvarer. I tiåra framover må vi derfor hauste meir av det havet gir oss.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.09.2021
Dette er bodskapet frå professor og biolog Dag O. Hessen ved UiO.
 
Når han innleier for deltakarane på sjøplankonferansen «Kampen om sjøareala» 26. og 27. oktober i Molde, vil han understreke det store ansvaret som arealplaneggarane rundt om i heile landet har: Å forvalte i eit langsiktig perspektiv, i ein heilskap og med kunnskapen som basis.