Matredning ved Gomalandet SFO

Bilde av barn frå SFO som sit rundt fruktfatet i lag med statsforvaltar Else-May Norderhus og Berit Ulriksborg som leiar SFO.
Barn frå SFO sit rundt fruktfatet i lag med statsforvaltar Else-May Norderhus og Berit Ulriksborg som leiar SFO. Foto: Elin Røshol..

Gomalandet SFO er ein av tre kandidatar som kan vinne Klimasnuprisen 2022. Kvar veke reddar dei store mengder frukt og grønt som elles hadde blitt kasta frå butikken.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2023

Når statsforvaltar Else-May Norderhus kjem på besøk, er bordet delikat dekt opp med oppskjært frukt i flotte fargar. Ein elev kjem inn med nylaga smoothie som statsforvaltaren får smake på.

Mykje meir enn berre matredning

Leiaren på Gomalandet SFO, Berit Ulriksborg, har sidan 2019 henta frukt og grønt som elles hadde blitt kasta i dei lokale matbutikkane. I tillegg til å forhindre at mat blir kasta, fører dette til læring, ernæring, hygge og kos for heile skolen. Av og til drypp det også litt på barnehagen i nabobygget.

Primus motor

Ulriksborg er primus motor og reiser sjølv rundt til butikkane ho har ordna avtale med. Heile skulen er veldig stolt og takknemleg for innsatsen ho legg ned. SFO leiaren fortel at det er masse arbeid, men at det også gir ho mykje glede.

– Vi får av og til inn frukt og grønt som ungane ikkje har sett eller smakt før. Dei lærer seg å ete det her, sjølv om foreldra seier at dei er kresne for smake nye ting heime.

Den gode samtalen

Stella Loennechen (12) fortel at samtalen går lettare når ein står og skjerer opp frukt.

– Det er enklare å snakke om litt vanskelege ting når man har noko å halde på med saman, som å kutte frukt. Da kan man snakke om alt frå bekymringar til andre ting ein har på hjartet.

Får opp blodsukkeret

Matredninga kan også bli redninga for elevar som har gløymd matpakka si ein dag, eller som treng litt påfyll etter ein hard gymtime. Då kjem dei springande til SFO for å få litt påfyll. Stella har ein reflektert kommentar til dette også.

– Alle kan få frukt her. Då vert det ikkje så store forskjellar.

Gjenbruk

Borna gir statsforvaltaren ein rundtur i lokala. Dei peikar og fortel om alt av inventar og leikar som SFO leiaren har fått tak i brukt.

– Denne leika har Berit vore å henta, den er like fin som ny. Og denne har ho henta, og denne!

Om klimasnuprisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut Klimasnuprisen.

Prisen er ein påskjøning til nokon som har vist særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i fylket: Dei har løysingar som reduserer klimagassutslepp, og som førebur og tilpassar samfunnet til eit klima i endring. Dei som får prisen skal også ha gode løysingar på klimautfordringane. Løysningane må ikkje gå ut over andre berekraftmål.

Klimasnuprisen går altså til eit konsept som:

  • gir positiv utvikling med omsyn til klima
  • er overførbar og til inspirasjon for andre
  • er i tråd med FNs berekraftmål

Les om dei sju nominerte til årets pris her …

Og her er dei tre finalistane: 

Om juryen

Juryen består i år av statsforvaltar Else-May Norderhus, Hilde Nauste Myhre frå KS, Lisbeth Rød frå LO, Elin Ous frå NHO og Kristine Oda Walderhaug Sæther frå Framtidslaben.

Dei tre finalistane får besøk av statsforvaltaren i løpet av desember.

Prisen blir delt ut på Nyttårskonferansen i Molde 10. januar 2023.