Elferjer i Møre og Romsdal

På bildet er Arild Fuglseth, samferdselsdirektør, Stig Helle-Tautra, avdelingssjef FRAM, Jesper Wiig, seksjonsleder drift, Else-May Norderhus, statsforvalter og kaptein Marius Iversen.
Frå venstre Arild Fuglseth, samferdselsdirektør, Stig Helle-Tautra, avdelingssjef FRAM, Jesper Wiig, seksjonsleder drift, Else-May Norderhus, statsforvalter og kaptein Marius Iversen. Foto: Elin Røshol.

Rett før jul besøkte statsforvaltar Else-May Norderhus den siste av dei tre kandidatane som kan vinne Klimasnuprisen 2022: Møre og Romsdal fylkeskommune, og deira elferjer.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2023

På elferja mellom Hollingsholmen og Aukra møtte ho Stig Helle-Tautra, Jesper Wiig og Arild Fuglseth frå fylkeskommunen.

Møre og Romsdal er eit ferjefylke. Store deler av klimagassutsleppa i kollektivtrafikken har historisk sett komme frå drift av ferjesambanda våre. Slik er det ikkje lengre.

Stolt samferdselsdirektør

Mellom Hollingsholm og Aukra møtte statsforvaltaren ein stolt samferdselsdirektør.

– I 2014 bad fylkestinget oss om å gå for miljøvennlege ferjer. Vi i administrasjonen følgde opp og fylkestinget vedtok gjennomføring av elektrifisering, seier Arild Fuglseth.

Med på turen var også avdelingssjef for FRAM, Stig Helle-Tautra og seksjonsleiar drift i FRAM, Jesper Wiig. Seksjonsleiaren har vore ansvarleg for omstillinga til ny teknologi på ferjene. Han fortel at det som har vore mest krevjande er å få nok tilgang på straum.

– Det kom nok litt brått på nettselskapa. Omlegginga til elektrisk ferjedrift krev ein del straum i områder der straumnettet er svakast, seier Wiig. Han legg til: 

– Vi har klart det og fått gjennomført alle måla vi har satt oss!

Wiig forklarar at god dialog og samarbeid både med nettselskapa og kommunane har vore heilt avgjerande for å kunne få til dei beste løysingane lokalt.

Reduserte utslepp

FRAM har ansvaret for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal fylkeskommune, det vil seie alle ferjesamband på fylkesvegane, samt rutetilbod med buss og hurtigbåtar. Med omlegging til elferjer på sju av ferjesambanda er utsleppa allereie redusert dramatisk. I løpet av 2024 vil FRAM ha 16 elektriske ferjer i drift på ti av sine samband. Dei vil dermed nå målet om 55 prosent utsleppsreduksjon frå den samla kollektivtrafikken allereie i 2024!

Litt dyrare enn ei svele

Omlegginga gjer at utgiftene for kvar enkelt tur er redusert kraftig. Kaptein og styrmann på den elektriske ferja MF Norangsfjord fortel at overgangen til elektrisitet har gjort dei veldig bevisst på straumforbruket og dei følger nøye med. Farta har mykje å seie, og god ruteplanlegging er med på å minske forbruket.

– I gjennomsnitt ligg vi på mellom 100 000 og 150 000 kW over fjorden. Det kostar berre litt meir enn ei svele, fortel kaptein Marius Iversen spøkefullt.

Om klimasnuprisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut Klimasnuprisen.

Prisen er ein påskjøning til nokon som har vist særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i fylket: Dei har løysingar som reduserer klimagassutslepp, og som førebur og tilpassar samfunnet til eit klima i endring. Dei som får prisen skal også ha gode løysingar på klimautfordringane. Løysningane må ikkje gå ut over andre berekraftmål.

Klimasnuprisen går altså til eit konsept som:

  • gir positiv utvikling med omsyn til klima
  • er overførbar og til inspirasjon for andre
  • er i tråd med FNs berekraftmål

Les om dei sju nominerte til årets pris her …

Og her er dei tre finalistane: 

Om juryen

Juryen består i år av statsforvaltar Else-May Norderhus, Hilde Nauste Myhre frå KS, Lisbeth Rød frå LO, Elin Ous frå NHO og Kristine Oda Walderhaug Sæther frå Framtidslaben.

Dei tre finalistane får besøk av statsforvaltaren i løpet av desember.

Prisen blir delt ut på Nyttårskonferansen i Molde 10. januar 2023.