Desse tre kan vinne Klimasnuprisen

Ein SFO som reduserer matsvinn, ein entreprenør som reduserer avfall i sin byggverksemd og fylkeskommunen som innfører batteridrivne ferjer kan vinne Klimasnuprisen 2022.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.12.2022

Dei tre finalistane er Gomalandet SFO, Samferdsel Møre og Romsdal fylkeskommune og Betonmast Rødsand.

– Dette er tre flotte og veldig ulike kandidatar som alle gjer ein stor innsats for klimaet. Dessutan er tiltaka deira til inspirasjon og lærdom for andre, seier statsforvaltar Else-May Norderhus som leier juryen for Klimasnuprisen. 

Gomalandet SFO reduserer matsvinn

Barn frå SFO sit  rundt fruktfatet i lag med statsforvaltar Else-May Norderhus og Berit Ulriksborg som leiar SFO. Foto: Elin Røshol
Barn frå SFO sit rundt fruktfatet i lag med statsforvaltar Else-May Norderhus og Berit Ulriksborg som leiar SFO. Foto: Elin Røshol Foto: Elin Røshol.

I 2019 starta Gomalandet SFO å hente frukt og grønt som butikkane skulle kaste. Dei lagar mykje god mat av frukta. Noko av frukta vert også nytta i undervisninga i Mat og Helse.

SFO veg og fører statistikk over både innkommen frukt og grønt og emballasje.

– I dette arbeidet oppstår den gode samtalen med elevane. Dei lærer at utsjåande ikkje er avgjerande for god smak, og at om vi brukar litt tid på å skjære bort det dårlege blir det herleg, sunn mat, fortel prosjektleiar Berit Ulriksborg som leiar Gomalandet SFO.

Ho har fått tilbakemelding frå foreldre om at elevane har fått nye smaksopplevingar.

–  Foreldre fortel også om barn som gir dei beskjed om å ikkje kaste skiva som vart att i matboksen frå skulen. Den kan dei ete til kvelds. Dette viser at det nytter, seier Ulriksborg.

Tunge kasser med frukt og grønt som blir til overs, bærer dei til barnehagen ved sida av.

– Barnehagen blir jublande glad for det dei får av oss, seier Ulriksborg. 

Sjølv vart SFO leiaren inspirert av “Matjungelen” eit aktivitetsprogram for barnehage og SFO/AKS der barn kan utforske mat og oppleve matglede i fellesskap. Rektor ved Gomalandet heier på tiltaket, noko Ulriksborg seier har stor betyding.

– Eg vil anbefale andre SFO, skuler og barnehagar til å bruke frukt og grønt på same måte som vi gjer, oppmuntrar Berit Ulriksborg.

Elferjer reduserer klimagassutsleppa

Fylkeskommunen vil i perioden 2019 til og med 2024 ha 16 ferjer med elektrisk framdrift fordelt på ti samband, og slik bli eit føregangsfylke i ferjesektoren.  Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune
Fylkeskommunen vil i perioden 2019 til og med 2024 ha 16 ferjer med elektrisk framdrift fordelt på ti samband, og slik bli eit føregangsfylke i ferjesektoren. Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune

Møre og Romsdal er eit ferjefylke. Store delar av klimagassutsleppa i kollektivtrafikken har historisk sett komme frå drift av ferjesambanda. 

Fylkeskommunen vil i perioden 2019 til og med 2024 ha 16 ferjer med elektrisk framdrift fordelt på ti samband, og slik bli eit føregangsfylke i ferjesektoren. 

– Allereie er tolv elfartøy i operasjon. Dei siste fire elfartøya er planlagt sett i drift i løpet av 2024. Samla vil dette tiltaket dramatisk redusere klimagassutsleppa frå kollektiv- og ferjetrafikken til fylkeskommunen, fortel seksjonsleiar for drift i FRAM, Jesper Wiig.

Overgang til elektrisk drift på 16 ferjer er den klart største bidragsytaren til at klimagassutsleppa på samferdselsområdet i Møre og Romsdal vert redusert i samsvar med målet på 55 prosent utsleppsreduksjon innan 2025.  

Møre og Romsdal har vore tidleg ute med omlegginga til elektrisk ferjedrift og gjennom prosessen gjort seg mange erfaringar som er, og vil vere, til nytte for andre fylkeskommunar som no innfører utsleppskrav på sine samband.

– Prosjektet har bidratt til utvikling av teknologien både om bord i ferjene og på nødvendig infrastruktur på land. Og også til å gjere batteriløysingar konkurransedyktige, fortel Wiig.   

Erfaringane frå prosjektet vil ha overføringsverdi til omlegging av hurtigbåtane frå konvensjonell dieselframdrift til utsleppsfri framdrift.  

– Hurtigbåtane har høgaste utslepp per passasjerkilometer av alle transportformer. I neste anbodsrunde vil vi legge opp til at hurtigbåtruter, der det ligg til rette for det, kan bli vurdert for miljøvenlege løysingar, seier Wiig.

Betonmast Røsand reduserer avfall 

Då dei skulle bygge ny barneskule på Averøy gjorde entreprenør Betonmast Røsand mange tiltak for å redusere avfallsmengda.

Frå venstre: Statsforvaltar Else-May Norderhus, Øyvind Heggeset (prosjektleiar frå Betonmast Røsand AS), Karl Henrik Nerland (anleggsleiar Betonmast), Martin Ove Karlsen (Leiar for plan, utvikling og tekniske teneste i Averøy kommune og  klimakoordinator Anne Melbø. Foto: Elin Røshol
Frå venstre: Statsforvaltar Else-May Norderhus, Øyvind Heggeset (prosjektleiar frå Betonmast Røsand AS), Karl Henrik Nerland (anleggsleiar Betonmast), Martin Ove Karlsen (Leiar for plan, utvikling og tekniske teneste i Averøy kommune og klimakoordinator Anne Melbø. Foto: Elin Røshol

– Vi har i særleg grad sørga for sortering av avfall i heile byggeprosessen. Denne sorteringa har vore tema i dei fleste vernerundane og bygge- og framdriftsmøta våre, fortel prosjektleiar Øyvind Heggeset.

Entreprenøren har også hatt mål om å redusere kapp og svinn i val av material og byggteknikk. 

– Målet var ei maksimal avfallsmengde på 25 kg/m2, mot 40 kg/m2 som er normalen for skolebygg. Vi klarte 18 kg/m2, seier Heggeset glad.  

Erfaringane frå prosjektet gir entreprenøren nyttig kunnskap og data til framtidige prosjekter, både med tanke på effekt og kostnader.

– Når mengda kapp og svinn vert redusert og sorteringsgraden er svært høg, har vi sett  kor store avfallsmengde som kjem frå emballasje frå varer inn til byggeplassen. Særleg gjeld dette eingongspallar i tre som vi ikkje har ei god returordning på, seier Heggeset.

Om prisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut Klimasnuprisen.

Prisen er ein påskjøning til nokon som har vist særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i fylket: Dei har løysingar som reduserer klimagassutslepp, og som førebur og tilpassar samfunnet til eit klima i endring. Dei som får prisen skal også ha gode løysingar på klimautfordringane. Løysningane må ikkje gå ut over andre berekraftmål.

Klimasnuprisen går altså til eit konsept som:

  • gir positiv utvikling med omsyn til klima
  • er overførbar og til inspirasjon for andre
  • er i tråd med FNs berekraftmål

Les om dei sju nominerte til årets pris her …

Om juryen

Juryen består i år av statsforvaltar Else-May Norderhus, Hilde Nauste Myhre frå KS, Lisbeth Rød frå LO, Elin Ous frå NHO og Kristine Oda Walderhaug Sæther frå Framtidslaben.

Dei tre finalistane får besøk av statsforvaltaren i løpet av desember.

Prisen blir delt ut på Nyttårskonferansen i Molde 10. januar 2023.