Betonmast Røsand reduserer byggavfall

På bildet er: Statsforvaltar Else-May Norderhus, Øyvind Heggeset (prosjektleiar frå Betonmast Røsand AS), Karl Henrik Nerland (anleggsleiar Betonmast), Martin Ove Karlsen (Leiar for plan, utvikling og tekniske teneste i Averøy kommune og klimakoordinator Anne Melbø.
Frå venstre: Statsforvaltar Else-May Norderhus, Øyvind Heggeset (prosjektleiar frå Betonmast Røsand AS), Karl Henrik Nerland (anleggsleiar Betonmast), Martin Ove Karlsen (Leiar for plan, utvikling og tekniske teneste i Averøy kommune og klimakoordinator Anne Melbø. Foto: Elin Røshol.

Då Betonmast Røsand AS bygde Kårvåg barneskule på Averøy vart avfallet frå byggeplassen meir enn halvvert frå det som er vanleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2023

Før jul besøkte statsforvaltaren Betonmast Røsand AS på deira siste prosjekt. Karvåg barneskule er i heiltre og bygd som passivhus, men det var ikkje derfor Else-May Norderhus tok turen.

Bedrifta er blant finalistane til å få klimasnuprisen 2022 fordi dei er gode på avfallsreduksjon. Då dei bygde skulen på Averøya reduserte dei avfallet heilt ned til 18 kg/m2. Det vanlege for skulebygg er 40 kg avfall/m2.

Avfallsreduksjon i praksis

Averøy kommune hadde ikkje satt andre krav til avfallshandtering enn kva som ligg i regelverket frå før, minst 60 vektprosent skulle sorterast ut etter regelverket. (Sommaren 2022 vart kravet 70 prosent). Betonmast stiller interne krav til om at minst 80 prosent skal sorterast.

– Vi har lenge lagt på nærmare 90 prosent i våre prosjekt, seier prosjektleiar frå Betonmast Øyvind Heggeset.

Han fortel at dei har jobba godt med sortering i lang tid. Eit naturleg neste steg var avfallsreduksjon.

– Dette har vore meir krevjande. Vi satt oss 25 kg avfall/m2 som mål då vi bygde skulen her på Averøya. Dette har vi klart til gangs, seier Heggeset.

Men entreprenøren vil ikkje ta heile æra sjølv. Han seier at det har vore eit godt samarbeid mellom kommune, arkitekt, entreprenør og underleverandørar.

Vellykka samarbeid

Heggeset fortel at samspel med kommunen som byggherre har vore avgjerande.

– Kommunen har vore villig til å gjere endringar undervegs for å nå måla. Saman har vi funne gode og effektive løysingar.

Martin Ove Karslen har vore prosjektleiar frå kommunen si side. Han er mildt sagt imponert over entreprenøren.

– Det var Betonmast som foreslo at vi skulle løfte prosjektet til passivhus-standard. Dei har levert på mykje meir enn vi hadde bedt om.

Han er gledeleg overraska over korleis HMS og avfallshandtering har vore i fokus under heile prosessen.

– Det er tema i alle møter, vernerundar og rundar rundt på byggeplassen. Det er ikkje siste punkt på møta, med fyrste. Og dei har vore tru mot dette heile vegen, same kor pressa dei har vore, seier Karlsen.

God planlegging

For å redusere avfallsmengda trengs det ekstra god planlegging. Alt må bestillast så nøyaktig som mogleg. Dette gjer at det blir meir timer bak kvar bestilling, men til gjengjeld vert byggeprosessen raskare.

Anleggsleiar frå Betonmast, Karl Henrik Nerland, fortel at samarbeidet med underleverandørane har gått over all forventning.

– Eg er imponert over kor endringsvillig dei har vore.

Gapahuk vart til stubbe

Litt restar blir det uansett. I taket er det mellom anna ein mosaikk av gipsplater for å få utnytta kapp. Restane frå massivtreet hadde dei tenkt å nytte til å lage gapahuk ute.

– Men det vart så lite rester. Då vi var ferdig med montasje av massivtreet, hadde vi berre ein liten stubbe igjen. Denne var nytta som stol av arbeidarane, fortel anleggsleiaren.

Om klimasnuprisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut Klimasnuprisen.

Prisen er ein påskjøning til nokon som har vist særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i fylket: Dei har løysingar som reduserer klimagassutslepp, og som førebur og tilpassar samfunnet til eit klima i endring. Dei som får prisen skal også ha gode løysingar på klimautfordringane. Løysningane må ikkje gå ut over andre berekraftmål.

Klimasnuprisen går altså til eit konsept som:

  • gir positiv utvikling med omsyn til klima
  • er overførbar og til inspirasjon for andre
  • er i tråd med FNs berekraftmål

Les om dei sju nominerte til årets pris her …

Og her er dei tre finalistane: 

Om juryen

Juryen består i år av statsforvaltar Else-May Norderhus, Hilde Nauste Myhre frå KS, Lisbeth Rød frå LO, Elin Ous frå NHO og Kristine Oda Walderhaug Sæther frå Framtidslaben.

Dei tre finalistane får besøk av statsforvaltaren i løpet av desember.

Prisen blir delt ut på Nyttårskonferansen i Molde 10. januar 2023.