Betonmast Røsand får Klimasnuprisen 2022

Bilde av Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og statsforvaltar Else-May Norderhus  som delte ut prisen.  Her er vinnar Betonmast Røsand representert ved dagleg leiar Eskild Røsand. Han står i lag med dei andre finalistane; Stella Loennechen frå Gomalandet SFO og Jesper Wiig frå  Møre og Romsdal fylkeskommune.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og statsforvaltar Else-May Norderhus delte ut prisen. Her er vinnar Betonmast Røsand representert ved dagleg leiar Eskild Røsand. Han står i lag med dei andre finalistane; Stella Loennechen frå Gomalandet SFO og Jesper Wiig frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena S. Sandvik.

Betonmast Røsand får Klimasnuprisen 2022. Dei er med på å heve miljøkrav-standarden i byggebransjen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.01.2023

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide delte ut prisen i lag med statsforvaltar Else-May Norderhus på Nyttårskonferansen i Molde 10. januar.

Eit forbilde

– Bedrifta er eit forbilde og gir eit viktig bidrag til omstillinga til sirkulærøkonomi og fram mot lågutsleppssamfunnet, sa statsforvaltar Else-May Norderhus.

Då Betonmast Røsand AS bygde Kårvåg barneskule på Averøy vart avfallet frå byggeplassen meir enn halvvert frå det som er vanleg.

Avfallsmengda kom ned i 18 kg/m2. Det vanlege for skulebygg er 40 kg avfall/m2.

Avfallsreduksjon i praksis

Averøy kommune hadde ikkje satt andre krav til avfallshandtering enn kva som ligg i regelverket frå før, minst 60 vektprosent skulle sorterast ut etter regelverket. (Sommaren 2022 vart kravet 70 prosent). Betonmast stiller interne krav til om at minst 80 prosent skal sorterast. Lenge har dei lagt nærmare 90 prosent i prosjekta sine.

– Betonmast Rørsand får heva kvaliteten uavhengig av kva oppdragsgivar har kravd. Slik er dei med på å heve standarden i bransjen. Vi håper at årets pris vil inspirere andre entreprenørar til å sette seg høge mål og det offentlege til å sette høgare miljøkrav i sine innkjøp, sa statsforvaltaren i sin tale til vinnaren.

Kontaktpersoner

Juryen si grunngiving

Årets prisvinnar er eit forbilde. Dei sett høge miljøkrav til sine prosjekt. Dei ligg høgt over krava som er satt i regelverket og får heva kvaliteten uavhengig av kva oppdragsgivar har kravd. Dei er med på å heve standarden i sin bransje. Gjennom sine prosjekt gir dei eit viktig bidrag til omstillinga til sirkulærøkonomien og fram mot lågutsleppssamfunnet. Vi håper årets pris inspirerer andre entreprenørar til å sette seg høge mål og offentlege aktørar til å sette høge miljøkrav i sine innkjøp.

Klimasnuprisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut Klimasnuprisen.

Prisen er ein påskjøning til nokon som har vist særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i fylket: Dei har løysingar som reduserer klimagassutslepp, og som førebur og tilpassar samfunnet til eit klima i endring. Dei som får prisen skal også ha gode løysingar på klimautfordringane. Løysningane må ikkje gå ut over andre berekraftmål.

Klimasnuprisen går altså til eit konsept som:

  • gir positiv utvikling med omsyn til klima
  • er overførbar og til inspirasjon for andre
  • er i tråd med FNs berekraftmål

Prisen

Vinnar får eit diplom laga av barn ved Molde kulturskole. Dei får også ein sum på 10 000 kr.

Om juryen

Juryen består i år av statsforvaltar Else-May Norderhus, Hilde Nauste Myhre frå KS, Lisbeth Rød frå LO, Elin Ous frå NHO og Kristine Oda Walderhaug Sæther frå Framtidslaben.

Dei tre finalistane til årets pris var: