Klimasatsstøtte 2024

Manglar din kommune pengar for å få på plass eit godt klimabudsjett eller gode sirkulære løysingar? Treng de støtte til å jobbe med arealnøytralitet eller til tiltak som reduserer klimagassutsleppa? Da må de søke om pengar frå Klimasats innan 15. februar!

Publisert 04.01.2024

I 2024 er det satt av 120 millionar kronar til Klimasats - ordninga (miljodirektoratet.no). Søknadsfristen er allereie 15. februar. Søknadane blir handsama fortløpande fram til slutten av juni.

Kven kan søke?

  • Kommunar
  • Fylkeskommunar
  • Føretak organisert etter kommunelova kapittel 9

Fleire søkarar kan sende inn søknad saman. Ein kommune kan sende inn fleire søknadar.

 Kva kan ein søke om?

Det meste kan søkast om, så lenge det bidreg til å redusere klimagassutslepp på kort og lang sikt frå ulike kjelder som kommunen kan påverke. Det må gjerne vere nye og uprøvde klimatiltak, men det er også lov å la seg inspirere av tidlegare klimasatsprosjekt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal oppfordrar spesielt kommunane til å søke om midlar til:

  • forprosjekt og gjennomføring av tiltak i klimabudsjettet
  • sirkulære løysingar
  • arealplanlegging som legg mindre beslag på areal og tar vare på karbonrike areal - arealnøytralitet

Korleis søke?

  • Gå inn i  elektronisk søknadssenter (miljodirektoratet.no) og fyll ut søknaden.
  • Du registrerer ein brukar på vegne av kommunen. Du må verifisere din bruker ved hjelp av ID-porten, men det er likevel kommunen som er formell søkar. Den samme brukaren vil også få rapporteringsoppgåver dersom tiltaket mottar støtte. 
  • Det er lurt å endre e-postadressen til jobb-e-post. Denne endringa vil berre gjelde søknadssenteret, og endrar ikkje dataene som er knytt til det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. 

Husk at søknaden må vere godt politisk forankra, prosjektet må ikkje vere fullfinansiert frå før og kommunen må delfinansiere tiltaket.

Vil du vite enda meir, sjå opptak av webinar om Klimasats-støtte for 2024 (miljodirektoratet.no) eller les meir på Klimasats - støtte til lokale klimatiltak (miljodirektoratet.no)

 Din kommune bør søke om minst eit prosjekt!

Kontaktpersoner