Godt oppmøte på kurs i klimabudsjett

Over 50 deltakarar frå kommunar i heile fylket var samla for å lære meir om klimabudsjett som styringsverktøy. Vi fekk mange nyttige tips undervegs. No kan du sjå heile kurset i opptak her!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.05.2022

Den «tradisjonelle» måten å jobbe med klima i kommunane har ikkje gitt gode nok resultat. Kutta er for små, og det går for sakte. Klimabudsjett kan vere ein metode for å kople mål og tiltak tettare saman gjennom kommunen si viktigaste styringsplattform – handlings og økonomiplana.

Arrangør for kurset var Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Endrava var leid inn som kursholdar. Dei viste korleis klimabudsjett kan bli eit styringsverktøy for å oppnå klimagassreduksjon og andre vedtekne klimamål. Klimabudsjett vart gått gjennom steg for steg, frå forarbeid og forankring til tiltak og oppfølging. Undervegs fekk vi også gode lokale eksemplar og erfaringar frå Fjord, Molde og Kristiansund kommune.

Sjå heile kurset i opptak på denne sida. Her ligg også alt kursmaterialet.

Kontaktpersoner

Opptak

Kursdag 1

 

Kursdag 2