Frå Black Week til klimasnu!

Vi trur på alvoret. Vi trur også at det finst håp. Vi er første generasjon som ser problemet og kanskje siste generasjon som kan gjere dei nødvendige grepa for å snu utviklinga!
Vi trur på alvoret. Vi trur også at det finst håp. Vi er første generasjon som ser problemet og kanskje siste generasjon som kan gjere dei nødvendige grepa for å snu utviklinga! Foto: Scanstockphoto.

«Vi er i vårt livs kamp. Og vi taper. Klimagassutsleppa fortsett å auke. Globale temperaturar fortsett å stige. Planeten vår nærmar seg raskt vippepunktet som vil gjere klimakaoset irreversibelt. Vi er på motorvegen til klimahelvete med foten på gasspedalen.»

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.11.2022

Av klimakoordinator Anne Melbø og statsforvaltar Else-May Norderhus

FNs generalsekretær Antonio Guterres sa desse dystre orda ved opninga av klimatoppmøtet i Sharm El-Sheik no tidleg i november. Er det verkeleg så ille som han vil ha det til?

Vi trur på alvoret. Vi trur også at det finst håp. Vi er første generasjon som ser problemet og kanskje siste generasjon som kan gjere dei nødvendige grepa for å snu utviklinga!

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal arbeider for å redusere klimagassutslepp i fylket – i tråd med nasjonal klima- og miljøpolitikk. Satsinga vår har fått namnet «Klimasnu». Først og fremst rettar vi arbeidet mot kommunane og mot andre sentrale aktørar i regionen. Men om vi skal klare å snu utviklinga, må vi alle – du og eg – leve meir berekraftig. Vi må leve på ein måte som gjer at vi ikkje øydelegg for framtidige generasjonar.

Ei svart veke

Denne veka vert kalla «Black Week». Butikkane bognar av tilbod som kan vere nyttige og gode for nokre. Samstundes lokkar konseptet oss alle til å kjøpe nye ting. Ting vi kanskje ikkje treng, men som kunne vore kjekt å ha. Dette er eit paradoks når forsking viser at vi hadde hatt bruk for meir enn tre jordklodar om alle folk på jorda skulle ha levd som vi gjer her i Noreg.

Kunnskapen om overforbruket bør få oss til å tenke smartare; til å få på plass nye forbruksmønster. Vi må dele meir, og gjerne eige ting saman med familie eller vener. Vi må også bruke ting lengre, reparere dei og resirkulere dei. Dette vert kalla delingsøkonomi og sirkulærøkonomi, og er viktig for ei berekraftig utvikling. 

Vil ikkje sjå fakta

Klimapsykologi har blitt eit eige fag. Her lærer vi at det er vanskeleg å ta sanninga innover oss. Konsekvensane av krisa vi står i er så katastrofale at vi må lukke augo om vi skal ha det godt. Dette passer dårleg i møte med utfordringane. 

Sanninga må fram!

Alvoret i krisa har auka i takt med at åra har gått. Der forskarane tidlegare gav sterke tilrådingar, slår dei no full alarm. Likevel fortsett utviklinga i same retning. Meir og meir forbruk, meir og meir utslepp. Gjennomsnittstemperaturen har allereie auka med over 1,1 grad. Nyheitene speilar dei stadig hyppigare konsekvensane: Auka nedbør, hetebølger, tørke, flaum, skred og skogbrann. Det skjer her og no!

Naturkrisa er meir alvorleg enn klimakrisa, sjølv om vi ikkje merkar ho på same måte enda. På 50 år har bestandane av ville dyr blitt redusert med 69 prosent. 75 prosent av alle økosystem på land er endra som følge av menneskeleg aktivitet. Vi kan vere på veg inn i jordas 6. masseutrydding. Den fyrste som er forårsaka av eit levande vesen – av mennesket.  

Handling lyt til!

Det er fleire gode ting vi alle kan gjere for å bidra til lågare klimagassutslepp.

For alle kan:

  • Reise meir med kollektivtransport og mindre med bil og fly
  • Gå eller sykle når vi har moglegheit
  • Redusere forbruket ved å ikkje kjøpe ting vi ikkje treng
  • Kjøpe brukt, leie, låne og dele på dei tinga vi faktisk treng
  • Velje produkt som har god kvalitet, og som er produsert på ein berekraftig måte
  • Kaste mindre mat
  • Kjøpe kortreist mat og støtte lokale bønder
  • Kjøpe eller leie hus og hytter som allereie er bygd, framfor å bygge nytt
  • Isolere dårleg isolerte hus
  • Bidra inn i det kommunale klima- og miljøarbeidet

Mange av desse punkta har fleire gode sider ved seg. Dei bidreg til lågare utslepp, og er også gode både for økonomi og helse. 

Gode trendar gir klimasnu

Vi menneske følgjer ofte straumen og gjer det som er «normalt». Når fem av ti i burettslaget nyttar elsykkel til barnehagen, er det lett å bli rive med. Vi kan alle bidra til slike gode trendar! 

Kanskje treng du ikkje heilt lik hekkesaks som naboen, sjølv om saksa er kjempeflott og på tilbod no i «Black Week»? Kanskje du heller kan spørje naboen om du kan leige eller låne saksa hans eit par gongar i året?

Det er enno håp. Skal vi få til eit klimasnu – og saman skape eit berekraftig samfunn for oss sjølv  og for kommande generasjonar – må vi ta grep. Vi må sjå klima- og naturkrisa i augo og endre vanane våre no! 

Anne Melbø - klimakoordinator
Else-May Norderhus, statsforvaltar