Statsforvaltaren tilrår nytt skogvern

Statsforvaltaren har i brev til Miljødirektoratet tilrådd utvida vern av tre skogområde i Aure og Fjord kommunar. Føremålet er å ta vare på verdfull edellauvskog og kystfuruskog, med dei artane vi finn der.
Kva er spesielt med desse områda?
Skogen er den naturtypen som har flest truga og andre raudlista artar. Mykje av dette er insekt, lav, sopp og mosar som har spesialisert seg på å leve i skog, men her er også karplanter og fugleartar.
Vik naturreservat i Aure vert foreslått meir enn dobla ved å ta inn kystfuruskog av regnskogtypen. Ringstadfjellet i same kommune er ei sørvendt liside mot Vinjefjorden med rik edellauvskog, hasselkratt og alm. Nesplassen naturreservat ved Stordal i Fjord kommune kan bli femdobla med 1700 daa, der det meste er rik edellauvskog med hassel, alm og ask.
Korleis påverkar vernet skogbruket?
Alle desse tre områda er bratte og vanskeleg tilgjengeleg for kommersiell skogsdrift. Det er lite planta gran i desse tilbodsområda. Dette medfører små konfliktar med skogbruket. Det blir avtalt erstatning med grunneigarane som kompenserer tapet for skogbruk.
Når kan områda bli verna?
Statsforvaltaren har tidlegare sendt 20 tilrådingar om vern av skog som ikkje er ferdigbehandla, og dette betyr at nye tilrådingar vil måtte vente på å bli vedtekne. Tilrådingane gjeld kystfuruskog, edellauvskog og ei stor bekkekløft. Det er kommunane Aure, Surnadal og Ålesund som utmerkar seg med mange tilbod.
Kontaktpersonar
-
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76 -
Hege Steigedal
Tlf: 71 25 84 80