Statsforvaltaren legg verneplan for Sunnmørsalpane til side

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

– Vi tar Ørsta kommune sitt vedtak om ikkje å greie ut eit mogleg verneområde i Sunnmørsalpane til følgje, seier Linda Aaram, miljøverndirektør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.02.2023

Ørsta kommune vedtok 15. desember 2022 at dei ikkje ønskjer å få utgreidd eit mogleg verneområde i Sunnmørsalpane.

Ikkje grunnlag for verneplanprosess

– Gitt kommunen sitt vedtak har vi ikkje grunnlag for å gå i gang med ein verneplanprosess, sjølv om vi ulikt kommunen meiner det er viktig å få utarbeidd eit grundig avgjerdsgrunnlag før ein tar stilling til vern. Lokal aksept for oppstart og eventuelle vedtak om vern er ein avgjerande premiss for oppdraget Statsforvaltaren har fått for Sunnmørsalpane, seier Aaram.

Statsforvaltaren fekk  hausten 2021 i oppdrag frå regjeringa å utgreie vern av eit fjellområde i Ørsta som Sunnmørsalpane nasjonalpark eller landskapsvernområde. Det vart gjennomført informasjonsmøte med kommunestyret, grunneigarar og organisasjonar i 2022. I etterkant av møta ba Statsforvaltaren Ørsta kommune ta stilling til om dei gav aksept for at arbeidet vart starta opp.

Ståande tilbod om å få utgreidd vern

– Alle initiativ til eventuelt å ta oppatt spørsmålet om vern i Sunnmørsalpane ligg no til kommunen. Ingen bruer er brende, og Ørsta kommune har slik sett eit ståande tilbod om å få utgreidd vern. Men hos Statsforvaltaren legg vi saka til side, avsluttar Linda Aaram.

Forvalting av natur- og kulturverdiane i området held fram innanfor rammene av plan- og bygningslova og aktuelle sektorlover.

Kommunestyret sitt vedtak

Ørsta kommunestyre sitt vedtak 15.12.2022, sak 102/22:

Ørsta kommunestyre syner til spørsmål frå Statsforvaltaren vedkomande eit mogleg verneområde i Sunnmørsalpane. Ørsta kommunestyre meiner at dagens bruk er god forvaltning av naturressursar som ivaretek både naturlandskap og fjellheim m.a. ved beitebruk. Kommunestyret ser ikkje behovet for å nytte offentlege midlar og ressursar til utgreiing av eit mogleg verneområde og ein verneplan i vår kommune.