Naturfagleg grunnlag Giske

Giske (foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Øivind Leren)

Akvaplan-Niva har på oppdrag frå Statsforvaltaren utarbeidd eit naturfagleg faggrunnlag for arbeidet med utforming av verneplanen for marint vern i Giske. Rapporten oppsummerer kjent kunnskap om naturverdiane i området, og kjem med forslag til referanseområde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.03.2021

Rapporten kan lastast ned frå menyen til høgre

Vi vil med ein gong presisere at forslaga frå Akvaplan-Niva står for deira rekning, og forslaga vil no bli drøfta med kommunane, regionale etatar, og dei viktigaste  næringsaktørane/-organisasjonane i området. Vi har ikkje kapasitet til å drøfte fagrapporten direkte med alle interessentar, men alle står fritt til å sette seg inn i rapporten og sende ev. innspel til Statsforvaltaren. Vi set ikkje nokon spesiell frist for dette – rapporten er ikkje på høyring.

Når vi har hatt ein runde på fagrapporten med aktuelle aktørar, vil Statsforvaltaren vurdere alle innspel derifrå og frå oppstart, og arbeide ut eit første arbeidsutkast til avgrensing og ev. inndeling i soner. Arbeidsutkastet vil vi igjen drøfte og justere med aktuelle aktørar i ein eller fleire rundar. Målet er å arbeide seg fram mot eit utkast som i størst mogleg grad avveg og tar i vare omsyn til både bruk og vern i områda.

Eit avgrensingsforslag som då etter kvart vil vere gjennomdrøfta med aktuelle aktørar, vil så ligge til grunn for utarbeiding av høyringsdokument for marint verneområde i Giske.