Vedtak om stans i mottak av farleg avfall hos Sunnmøre Transport AS

Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn med Sunnmøre Transport AS den 2. juni 2022.

Tilsynet vart gjennomført etter ei bekymringsmelding frå Ålesund brannvesen om mogleg fare for forureining.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.06.2022

Statsforvaltaren har vedteke stans i mottak av farleg avfall hos Sunnmøre Transport AS. Grunnlaget for stansen er at dei har mykje meir farleg avfall på lager enn det er gitt lov til. Sunnmøre Transport AS har løyve til å ta i mot og lagre inntil 50 tonn farleg avfall, men ved tilsynstidspunktet var det innregistrert om lag 150 tonn farleg avfall. Lagringa av farleg avfall overheld ikkje krava i løyvet og utgjer med det ein fare for forureining.

For meir informasjon, sjå tilsynsrapporten og vedtaket om stans. Desse dokumenta finn du til høgre på sida.