Tiltak i det nedlagde avfallsanlegget på Eide

Bilde av de store massane med søppel på tomta.
– Det viktigaste målet for 2023 er å få laga ein tiltaksplan for området, seier Christian Dahl, fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren sitt arbeid for å hindre forureining frå det nedlagde avfallsanlegget på Eide, held fram med nye midlar.

Publisert 08.06.2023

Nye midlar til arbeidet

– Drivaren av anlegget gjekk konkurs hausten 2020. Det var lagra store mengder avfall der, og vi har sett i gang eit prosjekt for å redusere faren for forureining, seier Christian Dahl, fagleiar for forureining hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren har ingen eigne midlar til slike prosjekt, og den praktiske delen av prosjektet kom i gang i 2022 med midlar tildelt frå Miljødirektoratet. To millionar kroner blei brukt til å gjere innleiande undersøkingar av tilstanden i grunnen. Farleg avfall og ein del anna avfall vart fjerna.

– I år har Miljødirektoratet gitt oss 3,5 millionar kroner til arbeid mot forureina grunn. Vi kan bruke nokre av desse midla til å fjerne avfall slik at vi kan få tilgang til grunnen og få gjort meir grundige undersøkingar av han. Men i hovudsak vil ikkje pengane gå til å fjerne avfall, seier Dahl.

Kva går pengane til?

Statsforvaltarens mål i 2023 er å få gjort tilstrekkeleg med undersøkingar av grunnen, grunnvatn og bekkar i området slik at dei veit om det eventuelt blir spreidd miljøgifter ut av anlegget.

Midt i bildet av søppel på tomta står ein brønn som er sett ned for vassprøvetaking.
Midt i bildet står ein brønn som er sett ned for vassprøvetaking. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Vidare vil vi utarbeide ein tiltaksplan for kva som skal skje med anlegget. Vår hovudbekymring er at miljøgifter blir spreidde. Undersøkingane vi no gjer, vil vere grunnlaget for tiltaksplanen, fortel Dahl.

Fordi svært store mengder av avfallet er lite eigna til gjenvinning, samtidig som det vil vere svært kostbart å fjerne alt, vil planen truleg ha eit alternativ der delar av området kan bli avslutta som eit permanent deponi.

Midlar frå Handelens Miljøfond

– Vi har søkt om midlar frå Handelens Miljøfond, og har nyleg fått nesten 3,6 millionar kroner til å hindre plastforureining. Dette betyr at vi har moglegheit til å fjerne meir avfall i og ved anlegget. Resultatet blir mindre plast i naturen og meir avfall som går til material- eller energigjenvinning. Noko av plasten har dessverre ligge så lenge i anlegget at den ikkje let seg gjenvinne.

Framtidig arbeid

Prosjektet med rydding og sikring av området vil fortsette også i 2024.

– Det viktigaste målet for 2023 er å få laga ein tiltaksplan for området, seier Dahl.

Avfallsanlegget strakte seg også over ein eigedom vest for det området som er omfatta av Statsforvaltaren sitt prosjekt. Etter ein avtale som er inngått med grunneigaren, vil Statsforvaltaren i sommar be om at eigedommen blir overført til Torvvegen 28 AS som eig grunnen i Statsforvaltaren sitt prosjektområde. Dette selskapet er eigd av Hustadvika kommune.

– Vi vil vurdere kva for tiltak som er nødvendige for å hindre forureining frå denne eigedommen også, seier Christian Dahl.

Statsforvaltaren arbeider i lag med

Hustadvika kommune - grunneigar og planmyndigheit

InErgeo AS - prosjektleiing

Miljødirektoratet - økonomisk bidragsytar

Handelens Miljøfond - økonomisk bidragsytar