Strengare krav til kunstgrasbaner

Frå 1. juli blir det stilt krav til korleis idrettsbaner med fyllmaterial av plast skal utformast og driftast. Krava vil hindre at gummigranulat hamnar i naturen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.07.2021

Over 1 500 tonn gummigranulat frå norske kunstgrasbaner forsvinn kvart år frå banene der dei høyrer heime. Dei små, svarte plasthaldige kulene laga av gamle bildekk, er ei av dei største kjeldene til spreiing av mikroplast i Noreg. Dei gamle dekka kan innehalde ei rekke miljøgifter som tungmetall, PAH, ftalatar og fenolar.

Klima- og miljødirektoratet har vedtatt eit nytt kapitel i forureiningsforskrifta (kapittel 23 A) som stiller krav til alle idrettsbaner med laust fyllmateriale av plast.

Kort om dei nye krava

Det nye kapittelet i forskrifta gjeld alle baner der det utøvast idrett eller fritidsaktivitetar, både inne og ute. Den ansvarlege må sørge for forsvarleg handtering av vatn og snø som kjem i kontakt med bana slik at plastfyllet ikkje vert med vatnet og snøen ut i naturen. Eigarane av bana må også vurdere om det er mogleg å erstatte plastfyllet med anna materiale. Ikring heile bana må det settast opp fysisk barriere. Det er òg krav om informasjon til brukarane av bana som skal bidra til å hindre spreiing av gummigranulat.

Overgangsreglar

Etablering av fysisk barriere kan vere kostbart. Dette kravet gjeld fyrst ved rehabilitering og nybygging med byggeløyve etter 1.7.2021.

Forureiningsmyndigheit

Statsforvaltaren er gitt myndigheit til å føre tilsyn og kan gjere unntak frå krava i forskrifta.

Kommunen er plan- og byggesaksmyndigheit og kan føre tilsyn etter plan- og bygningslova i slike saker.

Kommunen si rolle

Kommunen har ofte fleire ulike roller, dei kan vere både eigar og driftsansvarleg samstundast som dei er plan- og byggesaksmyndigheit.

For banar der kommunen er eigar eller driftar, blir den ansvarleg for å overhalde krava i det nye kapittel 23A.

Kommunen vil vere plan- og byggesaksmyndigheit for alle idrettsbaner i sin kommune, og kan føre tilsyn etter plan- og bygningslova. Det er viktig å kjenne til krava i forureiningsforskrifta kapittel 23 A i slike saker.

Informasjon og rettleiing

Du kan lese heile det nye kapittel 23 A i forureiningsforskrifta her.