Snødeponi - for å hindre forureining

Miljøgifter kan ofte finnast i snø som har smelta. Bildet viser eksempel på snø som er dumpa i elv.
Miljøgifter kan ofte finnast i snø som har smelta. Bildet viser eksempel på snø som er dumpa i elv. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Forureina snø skal ikkje dumpast i elver, vatn eller sjø, men samlast i snødeponi der ein kan hindre at forureining blir spreidd i naturen.

Publisert 16.01.2024, Sist endret 16.01.2024

I løpet av ein vinter er det mykje snø som blir fjerna frå vegar og plassar. Denne snøen inneheld ofte forureinande stoff i form av tungmetall, mikroplast, salt, partiklar og søppel.

Fare for forureining

– Det  viser seg at miljøgifter ofte kan finnast i snø som har smelta. Forureiningane i snøen stammar mellom anna frå slitasje av bildekk, asfalt og vegmerking. Salting av vegar vil også gi forureining. I tillegg vil det vere restar av strøsand og partiklar frå eksos og anna forureining i lufta som festar seg i snøen, fortel Christian Dahl, fagleiar for forureining hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Snø frå område med mykje trafikk har vist seg å vere forureina. Snøen kan dermed vere eit lokalt forureiningsproblem der den blir plassert.

Dahl fortel at prøver tatt av snø frå Oslo inneheldt mellom anna tungmetall som sink, krom, kopar, arsen, bly og kvikksølv.

– Det blei også funne høge konsentrasjonar av oljerestar og partiklar. Store mengder mikroplast hamna i sjøen saman med snøen. I smeltevatn frå brøytesnø kan det også vere svært høge konsentrasjonar av salt. Salt vil gi større negativ effekt i elver og vatn enn i sjø, seier han.

Vegeigaren sitt ansvar

Også i vårt fylke vil det vere forureiningar i snø som blir frakta vekk.

– Derfor må eigaren av vegane sørge for at snørydding skjer på ein forsvarleg måte, seier Dahl.

Vegeigaren har ansvar for å sjå til at overskotssnøen blir handtert forsvarleg og å hindre at forureining skjer.

– For å sikre ei forsvarleg handtering, er det viktig å finne område som er eigna til føremålet. Dersom vegeigaren sjølv ikkje tek hand om snøen, har han plikt til å informere entreprenørane om korleis snøen skal handterast.

Korleis handtere snøen?

Statsforvaltaren ønsker å understreke at snø frå trafikkerte eller tettbygde område ikkje bør dumpast direkte i vatn, vassdrag eller sjø sidan dette gir fare for spreiing av forureining.

– Restar etter snøsmelting frå snødeponi kan innehalde både miljøgifter og søppel. og kan derfor ikkje reknast som rein jord. Grus, sand, slam og anna avfall som ligg igjen på plassen etter snøsmelting, må derfor leverast til eit avfallsanlegg med løyve etter forureiningslova til å ta imot slikt avfall.

Behov for løyve

I kvart enkelt tilfelle må det avklarast om handteringa av snøen gir fare for forureining.

– Dette vil vere avhengig av kvar snøen kjem frå, kor mykje snø som blir deponert og kvar deponiet ligg. Ved stadar der det blir deponert snø regelmessig, må det gjennomførast ein miljørisikoanalyse, fortel Dahl.

Ein må søkje om løyve dersom ein samlar forureina snø på land. Deponia må vere regulerte til føremålet av kommunen gjennom plan- og bygningslova og i tillegg ha løyve etter forureiningslova frå Statsforvaltaren.

– Når Statsforvaltaren skal vurdere om eit snødeponi skal få løyve, ser vi på om det ligg på ein stad der ein unngår at sensitive naturkvalitetar blir påverka. Deponiet bør ligge så langt unna vatn og vassdrag som mogleg, seier Christian Dahl.

Les meir om handtering av snø frå brøyting på Miljødirektoratet sine nettsider ...