Romundset Transport AS i Aure får ikkje ta imot avfall

Tilhøva i anlegget gjer det umogleg å halde krava til sortering og omlasting av avfall. Anlegget ligg dessutan på ein eigedom der det ikkje er gitt løyve til drift.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2022

19. oktober fatta Statsforvaltaren vedtak om å stanse alt mottak av avfall i anlegget til Romundset Transport AS i Kjelklia i Aure kommune.

Vedtaket betyr at det ikkje lenger er tillate å ta inn avfall i anlegget. Dei som har vore avfallskundar til anlegget, må no levere avfallet sitt til eit anna godkjent anlegg.

Romundset Transport AS kan framleis transportere avfall direkte frå ein kunde til eit godkjent avfallsanlegg.

Statsforvaltaren kan oppheve vedtaket og opne for mottak av avfall igjen. Då må aktiviteten skje på den eigedomen som løyvet omfattar, og tilhøva i anlegget må vere slik at krava i løyvet blir oppfylt.

Dokumenter