Kan betongavfall brukast på nytt?

Brukt betong (returbetong) er avfall som kan leverast til mottak med løyve frå statsforvaltaren. Slike mottak kan vere anlegg som tek imot mange typar avfall eller mottak som berre tek imot returbetong og returasfalt. Noko av avfallet kan brukast på nytt. Vi vil her informere om kva ein må ta omsyn til før betong kan brukast om igjen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.06.2021

Betong kan vere forureina med PCB, tungmetall eller andre helse- eller miljøskadelege stoff i sjølve betongen eller i murpuss, maling, fuger eller anna. Før ein betongkonstruksjon blir riven, må det vere tatt representative prøver som er analysert for miljøgifter. Det er ikkje forsvarleg med gjenbruk av betongavfallet utan at slike prøver er tatt.

Bruk av forureina betong vil kunne føre til forureining av grunn, vatn og sediment i tillegg til mulege skadar på menneske og dyr. Blir massane seinare flytta, vil forureining kunne bli spreidd til fleire område.

Vanlege avfallsanlegg (som ofte blir kalla sorteringsanlegg) kan ta imot alle typar betongavfall uavhengig av om betongen er rein eller forureina. Anlegg som har løyve til mottak av returbetong, kan berre ta imot rein betong. Her skal mottakskontrollen sikre at forureina betong ikkje kjem inn på anlegget. I Møre og Romsdal finst det per oktober 2016 18 sorteringsanlegg og 7 mottaksanlegg for returbetong. Ei oversikt over anlegga finn du i lenka til høgre.

Dersom ein ved riving av ein betongkonstruksjon ønskjer å bruke betongen om igjen, er det eigaren av avfallet sitt ansvar at dette skjer på rett måte. Dersom betongavfallet blir levert til eit godkjent mottaksanlegg, er det anlegget som tar over ansvaret for avfallet. Vurdering knytt til eventuell gjenbruk blir då anlegget si oppgåve.

Betongmassar kan nyttast til utfylling eller som erstatning for pukk eller liknande dersom alle desse kriteria er oppfylte:

  1. Betongen erstattar bruk av andre materialar som elles ville ha blitt brukt.
  2. Bygge- eller anleggstiltaket ville ha blitt gjennomført også om det ikkje var betongmassar tilgjengeleg.
  3. Mengda av betongmassar som blir brukt, må vere tilpassa behovet for massar.
  4. Betongmassane må vere eigna for føremålet.
  5. Bruken må ikkje vere i strid med forbodet mot forureining. Konsentrasjonen av forureiningar må ligge under normverdiane for alle delar av betongavfallet (betongen, eventuell maling, murpuss, søl eller anna). Normverdiane er gitt i Forskrift om begrensning av forurensing (forureiningsforskrifta) kapittel 2 vedlegg 1. Er det verdiar over normverdiane i avfallet, må det gjeres særskilte vurderingar i tråd med Miljødirektoratet sitt faktaark om disponering av betongavfall (sjå lenke til høgre på sida).
  6. Er betongen lett forureina, kan den ikkje fyllast ut i eit naturområde eller i sjø utan at det gitt løyve til det.

I Miljødirektoratet er det eit arbeid på gang med å lage forslag til ei forskrift som skal regulere bruk av betongavfall. Forskrifta er enno ikkje klar, men eit forslag er sendt til Klima- og miljødepartementet.