Her kan du fiske laks og sjøaure i sommar

Foto; Geir Moen

Laksefisket opnar i dei første elvane 1. juni. Her er informasjon om kvar du kan fiske laks og sjøaure i sommar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.05.2022

Fiske i elv
Liste over opne elver i fisketidsforskrifta finn du i menyen til høgre. Legg merke til at forvaltningslaga i elvane kan vedta strengare reglar enn i forskrifta. Til dømes er Usma stengt av elveeigarlaget i år, sjølv om den har fisketid i forskrifta.

Fiske etter laks og sjøaure i innsjøar
I vassdrag som har innsjøar med laks og sjøaure gjeld same fisketid som i elva. Du kan likevel fiske etter innlandsfisk (innlandsaure og eventuelt innlandsrøye) med stang resten av året. Får du laks og sjøaure utanfor fisketida, må dei settast ut igjen.

Fiske i sjø i fredingssoner utanfor elvemunningar
Ny forskrift har nyleg vore på høyring, men fram til den er vedtatt gjeld samme reglar som i 2021. Fiske med stang frå land etter sjøaure og laks utanfor elvemunningane følgjer fisketida til sjøaure i elva. Sidan dei fleste elvene er stengt for fiske etter sjøaure, er det få stader du kan fiske sjøaure utanfor elvemunningar i år. Dorging etter laks og sjøaure i fredingssoner utanfor elvemunningar er ikkje tillate i Møre og Romsdal. Alle elver har ei fredingssone på minst 100 meter frå elveutløpet, men 80 elver har utvida fredingssoner som kan være opptil 2-3 kilometer frå elvemunning.

Fritidsfiske i sjøen
Om du er lengre ut i sjøen enn fredingssona kan du fiske med stang frå land og dorge frå båt. Dette gjeld ikkje i Sunndals-, Tingvoll-, og Batnfjorden ut til Krifast, der alt fiske etter sjøaure er forbode. Det er likevel tillate å fiske etter laks her. Sjøaure er freda i alle sjøområde i Møre og Romsdal i mars og april, unntatt Smøla kommune. Det er ikkje tillatt å fiske laks og sjøaure med garn. Garn som blir nytta til fangst av saltvassfisk, skal i perioden frå og med 1. mars til og med 30. september senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid.

Sjølaksefiske med kilenot
I Møre og Romsdal er sjølaksefiske med kilenot berre tillate i Sunndals-, Tingvoll-, og Batnfjorden ut til Krifast i år, for dei som har registrert seg og betalt avgift. Fisket er ope frå 1. juli – 4. august, men berre etter laks. Sjøaure må gjenutsettast. 

Fiskekort?
Husk at du må betale fiskeavgift for å fiske etter laks og sjøaure i vassdrag, dersom du er over 18 år. https://fiskeravgift.miljodirektoratet.no/. I tillegg må du kjøpe fiskekort av fiskerettshavar.

I sjøen treng du ikkje betale fiskeavgift eller fiskekort for fiske med stang. Husk å rapportere fangst av laks og sjøaure i sjø her: https://stangfiskesjo.miljodirektoratet.no/.