Fangst av mort i Bolgvatnet på Frei skaper bekymring

Fiskearten mort som ikkje høyrer naturleg til i fylket ser ut til å spreie seg i Kristiansund kommune. Utsetting er strengt forbode.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.06.2022

Vi har fått oversendt ei melding frå fylkeskommunen om fangst av mort i Bolgvatnet 24. juni. Fiskeforvaltninga hos Statsforvaltaren er tidlegare ikkje kjent med førekomst av mort i fylket, som opprinneleg berre høyrer til på Austlandet og er ein framand art i Møre og Romsdal.

Den næraste kjente førekomsten i Trondheim vart rydda ut i 2016. Det vart brukt store ressurser på dette.

Mort er ein karpefisk som har eit stort potensiale til å endre økosystemet i nye lokalitetar ved at den raskt blir dominerande. Dette kan ha negative konsekvenser for både naturmangfald og vasskvalitet.

På artsobservasjoner.no finn vi også at det er meldt inn mort frå Vollvatnet i Kristiansund i 2020. I ein avisartikkel frå Tidens krav i 2009 står det at mort tidlegare har blitt sett ut i Vanndamman i Kristiansund. 

Statsforvaltaren minner om at utsetting av mort og andre framande fiskartar i vassdrag er straffbart utan løyve.

Vi ber deg som er kjent med mort i andre lokalitetar i kommunen om å være vennleg å melde frå til oss, slik at vi får betre oversikt og kan vurdere tiltak.

 

Mort i Bolgvatnet.
Mort i Bolgvatnet. Foto: Tor Taraldsen.

Kontaktpersoner