Regjeringa godkjenner nedbygging av 14 dekar dyrka mark

Regjeringa godkjenner nedbygging av 14 dekar matjord til bustadformål i Sykkylven. Foto: Tormod Meisingset

Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare fremja motsegn til bustadområde på dyrka mark i Sykkylven kommune. Kommunal- og Moderniseringsdepartementet gjev medhald til kommunen, og tillèt nedbygging av matjorda.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.03.2021

Kommunedelplan for Sykkylven sentrum – Ikornes 2019-2029 er sendt frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal (no Statsforvaltaren i Møre og Romsdal) i brev av 13. august 2020 til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) på grunn av ei uløyst motsegn. Møre og Romsdal fylkeskommune har fremja motsegn til planen fordi den kjem i konflikt med regionale jordverninteresser.

KMD godkjenner område BU2 i kommunedelplanen for Sykkylven sentrum – Ikornes. Departementet legg vekt på at området ligg sentrumsnært, og heilt i randsona av eit større jordbruksområde i Grebstaddalen. Departementet legg også vekt på at kommunen har tatt ut store utbyggingsområde på dyrka mark frå planen, og samstundes trekt dei fleste nye forslaga om bustadområde på dyrka mark.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil følgje opp kommunen og utbyggjar i reguleringsplanarbeidet. Vi vil stille krav om at 14 dekar med matjord må flyttast frå BU2 til eit anna område for nydyrking i kommunen. Slik vil jordressursen framleis verte nytta til matproduksjon også i framtida.