Ønskjer færre einebustadar på dyrka jord i Ørsta sentrum

Illustrasjonsfoto: På dyrka jord må bustadhus byggast tett og konsentrert for å utnytte areala best mogleg, Foto: Tormod Meisingset

Ørsta kommune har lagt fram områdereguleringsplan for andre del av Fremre Mo til offentleg ettersyn. Statsforvaltaren har fremja motsegn til planforslaget.

Publisert 26.05.2023

Store deler av planområdet utgjer dyrka jord, og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meiner plana ikkje er i tråd med overordna, nasjonale føringar når det gjeld vern om dyrka jord.

I samsvar med kommuneplan

Reguleringsplanframlegget er i samsvar med overordna kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda, men det er no langt strengare føringar for omdisponering av jordbruksareal enn det som gjaldt då denne planen var vedtatt. Statsforvaltaren meiner difor at ei nedbygging av området må ha ei høgare arealutnytting for slik å redusere behovet for utbyggingsareal.

Kommunal jordvernstrategi først

Ørsta kommune har fått midlar frå Landbruks- og matdepartementet til å utarbeide ein kommunal jordvernstrategi. Statsforvaltaren peika også på at Ørsta kommune burde gjennomføre arbeidet med jordvernstrategien før ein går vidare med reguleringsplanarbeidet på Fremre Mo.

Vi viser til heile høyringsuttalen for utfyllande informasjon.