Medhald i klagesaker innan jordvern

Artikkelen gir ei kort samanstilling av fire klagesakar innan jordvern og landbrukseigedom, med grunnlag for klage og vedtak frå settestatsforvaltaren.
Artikkelen gir ei kort samanstilling av fire klagesakar innan jordvern og landbrukseigedom, med grunnlag for klage og vedtak frå settestatsforvaltaren. Foto: Tormod Meisingset.

Medhald i klagesaker innan jordvern og landbrukseigedom hausten 2020 legg føringar for framtidige saker i Møre og Romsdal. Sjå vedtaka her. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.01.2021

Settestatsforvaltaren i Trøndelag fatta hausten 2020 vedtak i fire klagesaker som omhandla jordvern og landbrukseigedom. Vedtaka legg føringar for framtidige liknande saker i kommunane i Møre og Romsdal.

Vedtak på klagesaker som settestatsforvaltaren fattar, legg tydelege føringar for kommunal arealforvaltning, og om Statsforvaltaren i Møre og Romsdal følgjer og tolkar dei til kvar tid gjeldande lover og nasjonale føringar på riktig måte.

Vidare i teksten vil vi gje ei kort samanstilling av kvar einskild sak med grunnlag for klage og vedtak frå settestatsforvaltaren. Vedtaka følgjer også som vedlegg.

Medhald i klage på frådeling av seterhus i Grøvudalen – Sunndal kommune - jordlova

Sunndal Bondelag har fått medhald i klage på frådeling av eit seterhus og ein fjøs frå ein landbrukseigedom i Grøvudalen i Sunndal kommune. Formålet med frådelinga var sal av bygningane til eit føretak som skulle vedlikehalde og bevare bygningane til framtidig berikelse av miljøet i dalen. Bygningane nyttast fortsatt til beitedyr. Grøvudalen er den einaste intakte seterdalen i Sunndal, med stort biologisk mangfold og eit unikt kulturlandskap. Den ligg i Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde. Teknikk, miljø og kulturutvalget i Sunndal kommune ga tillatelse til omsøkte frådeling etter jordlova for sal og restaurering av bygningane.

I klagen frå Bondelaget blei det peika på at ei frådeling av seterhusa ville innebere oppretting av ei hyttetomt midt i eit beiteområde, og at dette kunne skape konflikter mellom beitenæringa og framtidige hytteeigarar. Dei meinte bygningane burde forbli ein del av landbrukseigedommen, og at ei frådeling kunne gje uheldige presedensverknader. 

Statsforvaltaren i Trøndelag, som var settestatsforvaltar for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, avslo delingssøknaden i tråd med Bondelaget sine argument. I tillegg blei det vist til at kommunen sin eigen administrasjon ville avslå søknaden, og at teknikk, miljø og kulturutvalget ikke hadde grunngjeve si motsatte avgjerd godt nok etter jordlova.

Medhald i klage på frådelig til bustad på dyrka mark – Sunndal kommune – pbl. § 19-2

Det var søkt om dispensasjon til frådeling på dyrka mark for oppføring av bustadhus. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klaga på vedtaket og synte til ny kommuneplan som ikkje tillet bygging av hus på dyrka mark, samt at det var ledig bustadtomter i tilgrensande bustadfelt.

Statsforvaltaren i Trøndelag handsama klaga. Dei fann at omsynet bak LNF- formålet vil verte vesentleg tilsidesett dersom det vart gjeve dispensasjon. Det første dispensasjonsvilkåret er ikkje oppfylt. Då vilkåra i pbl. § 19-2 er kumulative, dvs. at begge må være oppfylt for at dispensasjon skal kunne gis, finn ein ikkje grunn til å vurdere vilkår 2.

Settestatsforvaltaren har kome fram til at kommunen sitt vedtak er ugyldig. Sunndal kommune sitt vedtak av 2020 vert omgjort og dispensasjonssøknad vert avslått.

Medhold i klage på oppføring av naust – Garden som ressurs - Ålesund kommune – pbl. § 19-2

Ein grunneigar ville føre opp eit naust på sin landbrukseigedom, og meinte dette gjekk under landbruksbegrepet då det skulle utøvast næringsfiske i vatnet. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klaga på vedtaket. Statsforvaltaren peika på at oppføring av naust og den skildra næringsutøvinga verken fell inn under LNF-begrepet, eller som tiltak under rettleiaren "Garden som ressurs".

Statsforvaltaren i Trøndelag handsama klagen, då Statsforvaltaren i Møre og Romsdal hadde uttalt seg negativt til tiltaket.

Omsøkte naust vert vurdert til å vere i strid med kommuneplanens arealdel, jfr. pbl. §§ 1-6 og 11-6, jfr. rettleiar "Garden som ressurs". Det føreligg ein rettsanvendelsesfeil ved kommunen sitt vedtak då det er gjeve løyve i strid med kommuneplanen, og eit positivt vedtak fordrar dispensasjon frå kommunedelplanens arealformål. Statsforvaltaren i Trøndelag har på grunnlag av ovannemnte kome fram til at kommunen sitt vedtak er ugyldig.

Medhald i klage om frådeling av areal til bustader på dyrka jord – Vanylven kommune – pbl. § 19-2

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klaga på vedtak gjort av Vanylven kommune for frådeling av om lag fem dekar fulldyrka jord i LNF-område. Føremålet med frådelinga var bygging av 3-4 bustader. Arealet låg i eit utprega jordbrukslandskap, og ville blir ein kile inn i jordbrukslandskapet med næring mellom bustader og jordbruksareal.

Statsforvaltaren minna om at jordvern skal vege tungt i alle arealsaker. Dei peika på at kommunen sitt argument om at arealet blei drifta som leigejord ikkje kan forsvare nedbygging av dyrka jord.

Statsforvaltaren i Trøndelag var settestatsforvaltar for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og handsama klagen. Dei konkluderte med at kommunen sitt vedtak ikkje var gyldig. Dette fordi ein vanskeleg kan seie at ikkje ein dispensasjon til frådelinga set omsynet bak LNF-føremålet vesentleg til side. Klageinstansen såg heller ikkje at føremonene med dispensasjon klart oversteig ulempene. Vilkåra for dispensasjon var difor ikkje til stades, og vedtaket blei oppheva.